Hopp til innhold

Syria nektar for at Russland gir dei kamphelikopter

Den syriske ambassadøren i Moskva avviser at Russland forsynar landet med angrepshelikopter, slik utanriksministeren i USA, Hillary Clinton har hevda.

Syrias ambassadør til Russland

Syrias ambassadør i Russland, Riad Haddad, nektar på at russiske våpen blir brukt i kampane i Syria.

Foto: STAFF / Reuters

– Russland leverer ingen helikopter til Syria, sa ambassadør Riad Haddad til nyheitsbyrået Reuters torsdag, to dagar etter at Clinton sa det motsette.

Hillary Clinton

MEINER RUSSLAND LYG: Hillary Clinton skuldar Russland for å supplere våpen til syriske regjeringsstyrkar. Når Russland nektar, meiner ho at dei lyg.

Foto: Pablo Martinez Monsivais / Ap

Clinton gjekk ut med krass kritikk mot Russland og hevda at USA hadde informasjon om at angrepshelikopter allereie var på veg til Syria.

– våpna brukast ikkje i konflikten

Utanriksminister i Russland, Sergei Lavrov, vedgår at Russland leverer eit luftvernsystem til Syria, men avviser at dette er eit brot på internasjonale avtalar.

Russland har vore den viktigaste støttespelaren til president al-Assad internasjonalt.

Saman med Kina har Russland sørgde for å hindre FN-sanksjonar mot regimet og i tillegg heldt fram salet av våpen til Syria.

Russlands utanriksminister Sergei Lavrov

NEKTAR: Russlands utanriksminister, Sergei Lavrov, skuldar USA for å supplere opprørarane med våpen.

Foto: DENIS SINYAKOV / Reuters

Syrias utanriksminister Sergei Lavrov svarar dermed på skuldingane frå Clinton om at Russland sender helikopter til Syria som vert nytta i kampar med å rette same skulding i retning Washington D.C.

– I motsetnad til våre handlingar, så bryt USA med internasjonal rett når dei gjev våpen til den syriske opposisjonen. Våpen som opprørarane nyttar mot den syriske regjeringa, seier han på ein pressekonferanse i Teheran.

Skuldar USA for å forsyne opprørarane

Aldri før har Russland så tydeleg peika på USA som part i konflikten. Tidlegare har dei nøya seg med å seie at utanlandske krefter er involverte i Syria.

LES: Mood: FN-observatørene nektes å se hva som skjedde i Hama
LES: Diplomater ut, hjelpearbeidere inn

Ei kjelde i eksportmonopolet for våpen sa onsdag at det ikkje er inngått noko ny kontrakt om sal av angrepshelikopter mellom Russland og Syria.

Derimot seier kjelda at Clinton kan ha referert til fem syriske militære helikopter som er blitt reparert i Russland.

Grove angrep og overgrep

FN reknar at mellom 10 000 og 14 000 menneske har mista livet i konflikten sida den starta for femten månader sidan. Nyleg kom ein knusande rapport som fastslår grove brotsverk mot menneskeslekta.

Rapporten fastslår at angrep og overgrep blir gjennomførde av både regjeringshæren og militsgrupper utan at nokon blir straffa for det.

Her blir det lagt fram bevis for at regjeringshæren gjer omfattande og systematiske overgrep, brotsverk mot menneskeslekta og krigsbrotsverk.

SISTE NYTT

Siste nytt