Hopp til innhold

Clinton skuldar Russland for å lyge om våpen til Syria

Utanriksminister Hillary Clinton skuldar russarane for å lyge når dei seier at våpna sender til Syria ikkje blir brukt i kampane mot opprørsstyrkane.

Hillary Clinton

FORVERRAR KONFLIKTEN: Utanriksminister Hillary Clinton meiner Russland sine sal av våpen til Syria forverrar konflikten i landet.

Foto: Pablo Martinez Monsivais / Ap

Ifølgje amerikanske styresmakter er nye angrepshelikopter på veg frå Russland til det syriske regimet.

Utanriksminister Hillary Clinton meiner Russland sine sal av angrepshelikopter til Syria vil forverre konflikten dramatisk.

– Russland snakkar usant

Mideast Syria

HYLLAR RUSSLAND: Ein syrisk støttespelar til al-Assad-regimet heng frå eit helikopter og veivar med russiske og kinesiske flagg for å takke dei for støtta.

Foto: Muzaffar Salman / Ap

– Vi er bekymra over meldinga om at det er nye angrepshelikopter på veg frå Russland til Syria, seier Clinton.

LES: Å bli kvitt vold med vold

Russland på si side hevdar at våpna deira ikkje blir brukt i kampane mot opprørarane, og Clinton hevdar tilbake i ein uvanleg krass tone at Russland regelrett lyg.

– Vi har konfrontert Russland og bede dei slutte å sende våpen til Syria, men dei seier våpna deira ikkje er relaterte til kamphandlingane i landet. Dette er usant, seier Clinton.

Nektar på at helikoptra blir brukt i kampane

Russland har frå tid til anna forsikra USA om at dei ikkje skal bekymre seg, ifølgje utanriksministeren.

Ifølgje Russiske styresmakter skal angrepshelikoptra bli brukt til heilt andre ting. Men dette kjøper ikkje amerikanarane.

Det skal vere dokumentert at dei syriske hærstyrkane har brukt angrepshelikopter mot opprørarane i dei voldsome åtaka som har teke fleire tusen menneskeliv.

MenPentagon har ikkje fått rapportar om at akkurat desse helikoptera er levert frå Russland.

Har utvikla seg til borgarkrig

Leiaren for FNs fredsbevarande styrkar, Herve Ladsous, erklærte tysdag kveld at kampane i Syria no har utvikla seg til ein fullstendig borgarkrig.

Det er bruken av kamphelikopter mot opprørarane som gjer at Ladsous meiner konflikten har gått over i ein ny fase.

LES: - De gikk fra dør til dør og drepte

LES: Cameron: – Assad må isoleres

Til no har mellom 10 000 og 14 000 menneske mista livet i konflikten, og det er lite verdssamfunnet kan gjere med den dystre utviklinga.

Hindrar FN-sanksjonar

Russland har vore den viktigaste støttespelaren til president al-Assad internasjonalt.

Saman med Kina har Russland sørga for å hindre FN-sanksjonar mot regimet og i tillegg heldt fram salet av våpen til Syria.

Både Russland og Kina har lagt ned veto to gonger i Tryggingsrådet mot resolusjonar som har vore kritiske til Syria.

SISTE NYTT

Siste nytt