Hopp til innhold

«Kina, Russland. Takk... vi dør!»

.FN har bestemt seg for å be regimet i Syria om å stanse brot på menneskerettane i landet. Men ni av medlemslanda i FN sitt menneskerettsråd stemte imot forslaget, og det likte demonstrantane i Syria dårleg.

Syriske aktivistar vil ha slutt på valdsbruken

Sinte demonstrantar med ironisk takk til Kina og Russland.

Foto: - / Afp

26 av 47 medlemsland i menneskerettsrådet støttar ein resolusjon frå USA om å be den syriske regjeringa stanse brot på menneskerettane med ein gong.

Delegasjon til Syria

FN-organet hadde i dag halde krisemøte i Geneve om situasjonen i Syria, og bad om at det snarleg blir sendt ein delegasjon til Syria for å granske meldingane om drap på demonstrantar. Rådet vil ha ein rapport frå undersøkingane innan starten av juni.

Ni medlemsland stemte imot forslaget, og av dei var Kina og Russland.

Dette vart dårleg motteke i Syria, der folk heldt opp plakatar der dei ironisk takka dei to verdsmaktene for hjelpa.

«Kina, Russland. Takk... vi døyr!», skriv demonstrantane i Hama på det som blir kalla «Vreidens dag» i Syria.