Hopp til innhold

– USA gjev våpen til opprørarane

I dag tidleg skulda Hillary Clinton Russland for å gje våpen til Syrias regime. No kjem motskuldinga.

RUSSIA/ Russian Foreign Minister Lavrov speaks during a news conference with his Lebanese counterpart Mansour in Moscow

MOTSKYTS FRÅ RUSSLAND: Berre timar etter at USA skulda Russland for å forsyne det syriske regimet med kamphelikopter, skuldar den russiske utanriksministeren, Sergei Lavrov, USA for å støtte opprørarane med våpen.

Foto: SERGEI KARPUKHIN / Reuters

– Me bryt ingen internasjonale lover, men held oss tvert om til dei avtalar me har gjort saman med Syria, seier Sergei Lavrov, utanriksminister i Russland.

Han vedgår at Russland leverer eit luftvernsystem til Syria, men avviser at dette er eit brot på internasjonale avtalar.

Lavrov svarar dermed på skuldingane frå USAs utanriksminister, Hillary Clinton, om at Russland sender helikopter til Syria som vert nytta i kampar. Samstundes rettar han same skulding i retning Washington D.C.

– I motsetnad til våre handlingar, så bryt USA med internasjonal rett når dei gjev våpen til den syriske opposisjonen. Våpen som opprørarane nyttar mot den syriske regjeringa, seier han på ein pressekonferanse i Teheran.

Aldri før har Russland så tydeleg peika på USA som part i konflikten. Tidlegare har dei nøya seg med å seie at utanlandske krefter er involverte i Syria.

FN ynskjer å inkludere Iran

Den russiske utanriksministeren er i Iran for å diskutere Syria-konflikten med iranske styresmakter. Dei to landa er Syrias sterkaste støttespelarar, og kan spele ei viktig rolle i arbeidet fram mot ei løysing i Syria. Men særleg inkludering av Iran i ein slik prosess møter kraftig motstand. USAs FN-ambassadør, Susan Rice, har uttala at Iran er ein del av problemet.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Medlemmer av FNs observatørkorps

BORGARKRIG: FN har uttala at det som skjer i Syria er borgarkrig. Her er tre FN-observatørar på veg tilbake frå eit oppdrag 12. juni.

Foto: KHALED AL-HARIRI / Reuters

Ordkrigen mellom USA og Russland skjer medan det vert rapportert om pågåande kampar i Syria onsdag. I byen Rastan skal seks menneske ha vorte drepne. FN kalla tysdag situasjonen i Syria for ein borgarkrig, og over 10.000 er rapportert drepne i løpet av nesten eit og eit halvt år.

Frankrikes utanriksminister, Laurent Fabius, fulgte onsdag opp FN sine ord, og kalla det ein borgarkrig. Han understreka òg at Kofi Annans sekspunktsplan for fred må gjerast obligatorisk for det syriske regimet. Dersom Bashar al-Assads styre ikkje overheld planen, må sterke sanksjonar vente, meiner Fabius.

– Bashar al-Assad må gå dersom me skal unngå at borgarkrigen veks, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt