Hopp til innhold

Russland brukte vetoretten i Syria-avrøysting

Russland la ned veto mot eit fransk resolusjonsforslag om Aleppo, der det vart kravd stans i flyangrepa mot byen. Russland fekk ikkje fleirtal for sitt eige forslag om våpenkvile.

FNs sikkerhetsråd

Russland brukte vetoretten sin i Tryggingsrådet i FN i kveld norsk tid. (Arkivfoto)

Foto: MIKE SEGAR / Reuters

Det franske forslaget fekk 11 røyster, medan Russland og Venezuela røysta imot. Kina og Angola let vere å røyste.

Resolusjonen oppmodar alle partar til ein umiddelbar stans i kamphandlingane, uhindra humanitær tilgang og slutt på alle luftangrep mot militære flygingar over Aleppo.

Femte Syria-veto

Frankrikes utanriksminister Jean-Marc Ayrault.

Frankrikes utanriksminister Jean-Marc Ayrault ville ha umiddelbare tiltak i Syria.

Foto: MIKE THEILER / Reuters

Dette er femte gong Russland har lagt ned veto mot Syria-resolusjonar i den fem år lange krigen i Syria, ein krig som har kravd over 300.000 menneskeliv.

Det russiske forslaget, som vart nedstemt, ber om våpenkvile i Syria, men nemner ikkje flyangrepa spesielt.

Frankrikes utanriksminister Jean-Marc Ayrault oppmoda Tryggingsrådet til å setje i verk umiddelbare tiltak for å hindre russiske og syriske fly i å øydeleggje Aleppo med bombene sine.

– Alle land som motset seg det franske forslaget vil gi Syrias president Bashar al Assad sjansen til å drepe endå fleire menneske, sa Ayrault i sin bodskap til Tryggingsrådet.

– Aust-Aleppo kan vere utsletta innan jul

Forholdet mellom Russland og USA i krise

Brende reagerer

Utenriksminister Børge Brende (H)

Utanriksminister Børge Brende er skuffa over det russiske vetoet.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Utanriksminister Børge Brende (H) reagerer sterkt på at Russland på ny har lagt ned veto mot ein resolusjon om Syria.

– Eg er djupt skuffa over at Russland igjen brukte vetoretten sin for å stanse ein viktig resolusjon om Syria i Tryggingsrådet, seier han.

Brende seier at resolusjonen hadde brei støtte, blant andre frå Noreg.

– Dette er femte gong Russland legg ned veto mot resolusjonar som har som mål å betre situasjonen i Syria. Som eg har sagt tidlegare. Russland har eit særskilt ansvar for å sikre at avtalen dei sjølve var med på om våpenkvile og humanitær tilgang, blir etterlevd, seier Brende.

Syria vil trappe ned angrepene mot Aleppo

FN: – Nødhjelpskolonnen ble utsatt for flyangrep

SISTE NYTT

Siste nytt