Hopp til innhold

– Aust-Aleppo kan vere utsletta innan jul

FN-utsending til Syria, Staffan de Mistura, seier det hastar med å hindre at Aleppo endar som Rwanda eller Srebrenica. Han tilbyr seg personleg til å eskortere 1000 opprørarar ut av byen for å få slutt på flyangrepa.

Krigen i Aleppo.
Foto: GEORGE OURFALIAN / Afp

Staffan de Mistura brukte sterke ord då han i Genève i dag karakteriserte situasjonen i den mest folkerike byen i Syria. Han sat den austlege delen av byen kan vere fullstendig utsletta innan jul.

Han sa også at om ikkje dei syriske regjeringsstyrkane og Russland ikkje godtek eit forslag om å stanse kampane om Aleppo, så vil historia dømme dei strengt for å ha brukt terroristar som alibi for å øydeleggje byen.

FNs utsending til Syria, Staffan de Mistura.

FNs utsending til Syria, Staffan de Mistura, fryktar at dei austlege bydelane i Aleppo kan vere fullstendig øydelagde innan jul.

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

Mistura bad regjeringane i Syria og Russland om å stanse angrepa mot byen, dersom rundt 1000 opprørarar frå Nusrafronten, eller Jabhat Fatah al-Sham som dei kallar seg no, trekkjer seg ut av Aleppo.

– Interessant forslag

Denne gruppa var tidlegare ein del av terrornettverket Al Qaida, og namneskiftet skjedde i samband med at dei ikkje lenger ville bli assosiert med terrororganisasjonen..

- Om de vel å trekkje dykk ut med ære, er eg meir enn klar til å fysisk følgje dykk, sa de Mistura i ein bodskap til gruppa tidlegare i dag.

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov sa på ein pressekonferanse i ettermiddag forslaget frå de Mistura var interessant.

Bildene fra drone viser store ødeleggelser i Aleppo. Våpenhvilen brøt sammen i forrige uke og etter det har byen blitt kraftig bombet. Opprørsgrupper kontrollerer deler av byen der om lag 250.000 mennesker er fanget.

VIDE: Sjå dronevideo av øydeleggingane i Aust-Aleppo.

FN opplyser at 376 menneske er drepne og 1266 såra i Aleppo dei siste to vekene. Ein tredel av dei er born. Russiske og syriske fly har gjennomført bølgjer av angrep mot den austlege delen av byen, og dei materielle øydeleggingane er også store.

Syria vil trappe ned angrepene mot Aleppo

FN: – Nødhjelpskolonnen ble utsatt for flyangrep

– 275.000 sivile

Det er ingen sikre tal på kor mange sivile som er igjen i den austlege delen av den syriske storbyen, men de Mistura seier det kan vere rundt 275.000.

– Dei har valet mellom å øydeleggje det austlege Aleppo, der 275.000 menneske har heimane sine, for å kvitte seg med under 1000 Nusra-krigarar. Eller å late Nusra-krigarane forlate byen og stanse bombeangrepa, sa de Mistura blant anna.

Medan store delar av det austlege Aleppo er i ruinar, er situasjonen ein annan i den vestlege delen av byen. Der går dagleglivet for ein stor del som normalt, med yrande liv på marknadsplassane og opne kafear og restaurantar.

Den vestlege delen av byen er kontrollert av regjeringsstyrkane, medan ulike opprørsgrupper har kontrollen over Aust-Aleppo.

Russland og Syria – en annen medievirkelighet

Ny Assad-framgang

Syrias president Bashar al-Assad ser på alle som kjempar mot regjeringsstyrkane som terroristar, og han sa seinast i eit intervju med dansk TV2 at hans styrkar ville kjempe til dei igjen har kontrollen over heile landet.

Regjeringsstyrkane tok i dag kontroll over Bustan al-Basha-distriktet i det austlege Aleppo, nær sentrum av den delte byen. Eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) seier at dette er den viktigaste framgangen dei har hatt i byen sidan 2013.

SISTE NYTT

Siste nytt