Dette skjedde i ein domstol i den amerikanske hovudstaden Washington DC i dag. Butina har
.Tilståinga er del av ein avtale Butina har gjort med aktoratet i saka, og ifølgje Washington Post kan det føre til at 30-åringen
i løpet av få månader. Forsvararen hennar trur ho kan bli dømd til fengsel i seks månader.Avisa skriv også at ho er den første russaren som har sagt seg skuldig i forsøk på å påverke amerikansk politikk i tida rundt presidentvalet i 2016.
– Vil samarbeide
Ifølgje nyheitsbyrået Reuters gjorde ho det klart i retten i dag at ho ville samarbeide med amerikanske styresmakter.
Tidlegare denne veka avviste Russlands president Vladimir Putin på nytt at våpenaktivisten har nokon som helst tilknyting til dei russiske hemmelege tenestene. Også utanriksminister Sergej Lavrov har fleire gonger sagt at ho ikkje er spion, og han har bede om at ho blir sett fri.
Russiske styresmakter står også bak
for å få sett Butina fri.Sjølv skal Maria Butina ha sagt til medstudentar på American University at ho «hadde ei direkte line opp til Vladimir Putin». Den amerikanske påtalemakta meiner ho har handla på ordre frå Alexander Torsjin, ein tidlegare parlamentarikar som er ein viktig støttespelar for Putin.
Han er no tilsett i den russiske sentralbanken, og i april i år sette amerikanske styresmakter han opp på ei liste over russarar det er innført sanksjonar mot.
Våpenaktivist
Den våpenglade 30-åringen frå dei sibirske skogane var ein ivrig forkjempar for meir liberale våpenlover i Russland, før ho reiste til USA. Her innleidde ho eit forhold til ein politikar i Det republikanske partiet, og ho skaffa seg innpass i den mektige våpenlobby-organisasjonen National Rifle Organisation (NRA).
Her skal ho blant anna gjort seg fortent til livsvarig medlemskap.
Det var i juli i år at Butina vart arrestert i Washington DC, sikta for å ha samla inn etterretningsinformasjon om amerikanske tenestemenn og politiske organisasjonar. Dette skal ho har gjort i ein treårsperiode medan ho budde samen med politikaren frå Det republikanske partiet.