Hopp til innhold

– Spionmistenkte Maria Butina klar til å seie seg skuldig

Den mistenkte russiske agenten Maria Butina skal ifølgje Washington Post vere klar til å seie seg skuldig i saka mot henne, der ho blant anna er mistenkt for å prøve å påverke amerikanske styresmakter.

Maria Butina

Maria Butina poserer med våpen under ei våpenmesse i Moskva i 2012.

Foto: Pavel Ptitsin / AP

Maria Butina har tidlegare avvist alle skuldingar om at ho har prøvd å påverke amerikanske styresmakter, under dekke av å vere student ved American University i Washington DC. Det er uklart på kva tiltalepunkt ho vi seie seg skuldig i, men det er varsla ei rettshøyring i saka førstkomande onsdag.

Butina vart arrestert 17. juli i år og har vore fengsla sidan . Det at ho no skal vere klar til å seie seg skuldig, kan opne for at ho blir utlevert til Russland i løpet av nokre månader, melder Washington Post .

Kreml avviser

Maria Butina.

Maria Butina fotografert av politiet etter arrestasjonen i juli i år.

Foto: Handout . / Reuters

Russiske styresmakter har heile tida avvist at ho handla på vegner av dei, og dei har hatt omfattande kampanjar på sosiale medium for å få sett henne fri .

Butina har aldri lagt skjul på at ho har vore ein forkjempar for meir liberale våpenlover. Ho jobba for dette i heimlandet Russland, og då ho kom til USA kom ho raskt inn i miljøet rundt National Rifle Organisation (NRA).

Den amerikanske påtalemakta meiner at ho prøvde å bruke kontakten med våpenlobbyen til å nå fram til personar i miljøet rundt president Donald Trump.

Den våpenglade studenten, opphavleg frå dei sibirske skogane, har i løpet av studietida knytt kontaktar med fleire mektige politikarar frå Det republikanske partiet, og ho har vore spesielt aktiv i NRA.

– Direkte line til Putin

Den amerikanske påtalemakta meiner ho har tilbode sex for å innynde seg hos mektige menn i Washington. Ho skal ha sagt til medstudentar at ho nærmast hadde ei direkte line til Russlands president Vladimir Putin.

Påtalemakta meiner at målet hennar heile tida har vore å fremje utanrikspolitikken til den russiske regjeringa, og at ho arbeidde på ordre frå Alexander Torsjin, ein tidlegare russisk senator som no er visedirektør i ein større russisk bank.

Maria Butina og Alexander Tortsjin.

Maria Butina og Alexander Torsjin i Moskva i 2012.

Foto: Pavel Ptitsin / AP

Maria Butina skal fleire gonger greidd å kome i kontakt med folk i valkamporganisasjonen til Donald Trump. På eit valmøte i Las Vegas stilte ho eit direkte spørsmål til Trump om kva han meinte om sanksjonane mot Russland som følgje av anneksjonen av Krim-halvøya frå Ukraina.

– Eg trur vi kjem godt ut av det med Putin. Eg trur ikkje det er naudsynt med sanksjonar, svarte Trump.

Livsvarig medlem i NRA

Dokument frå påtalemakta viser at 29-åringen saman med Torsjin, starta planlegginga av aktivitetane i USA alt i 2011. Då møtte Torsjin presidenten i National Rifle Association, samstundes som Butina tok initiativet til å starte opp ein liknande organisasjon i Russland, «Retten til å bere våpen».

I 2013 vart ho kjent med ein kjent republikansk politikar og dei innleidde eit romantisk forhold. Gjennom denne politikaren skal ho ha fått tilgang til fleire maktpersonar i Washington, og ho greidde å få livsvarig medlemskap i National Rifle Association.

SISTE NYTT

Siste nytt