Konflikten har dreidd seg om kor store avgifter Russland skal betale for gass som blir frakta frå Russland til Europa via ein gassleidning i Ukraina.
Russiske nyheitsbyrå melde laurdag at Gazproms sjef Aleksej Miller har akseptert løysinga, som opphavleg vart fremma av ein valdgiftsdomstol i Stockholm i februar 2018.
Pengane skal betalast ut før nyttår, og ifølgje Miller har Ukraina gått med på å droppe alle andre søksmål mot Gazprom i byte mot utbetalinga.
Tidlegare i veka vart Russland og Ukraina samde om ein «prinsippavtale» om transport av russisk gass til Europa via ukrainsk territorium.
Sidan 2009 har det vore fleire rundar med gasskrangel mellom dei to nabolanda, som følgje av politisk usemje. Dette har skapt problem for andre land i Europa, som får gassen som blir send gjennom røyrleidningane i Ukraina.
Gode pengar som transittland
Ukraina har tent nesten 27 milliardar kroner i året på å sende store mengder russisk gass vidare på det europeiske kontinentet.
Russland lovar no å halde fram gassleveransane gjennom Ukraina trass i bygginga av to nye røyrleidningar, Nord Stream 2 til Tyskland og TurkStream til Tyrkia, som gjer Russland mindre avhengig av den ukrainske gassleidningen.
Les òg:
I forhandlingane har Ukraina ønskt seg ein langsiktig avtale som også vil sikre deira eigne gassforsyningar.
Mange EU-land er heilt avhengig av gass som kjem frå Russland via Ukraina, og det har derfor vore kritisk for EU å få i stand ein ny avtale.
Men forholdet mellom Kiev og Moskva har vore spent dei siste åra, sidan Russland annekterte den ukrainske Krim-halvøya i 2014 og støtta separatistar i kampane i Aust-Ukraina.
Rundt 13.000 menneske er drepne i konflikten der, ifølgje anslag frå FN.
Vil du ha vekebrev frå Urix?