Hopp til innhold

Dennis Rodman: Kim Jong-un er far

Den unge leiaren av Nord-Korea, Kim Jong-un (30) har ei dotter, fortel den tidlegare basketballstjerna Dennis Rodman, som førre veke besøkte sin nordkoreanske diktatorkompis.

Dennis Rodman og Kim Jong-un

KOMPISAR: Det usannsynlege veneparet Dennis Rodman og Kim Jong-un har pleia vennskapen denne veka. Rodman har forsnakka seg om at den unge diktatoren har ei dotter.

Foto: KCNA / Afp

– Eg heldt jentebarnet i armane og snakka med fru Ri. Kim er ein god far med ein vakker familie, seier Rodman til avisa The Guardian.

Det har aldri blitt offisielt stadfesta at kona til Kim, Ri Sol-ju har vore gravid. Ifølgje Rodman har dottera til den nordkoreanske diktatoren fått namnet Ju-ae.

Kim Jong-Un and his wife Ri Sol-Ju

KIM OG KONA: Det har ikkje vore kjent at Ri Sol-ju har vore gravid, men Dennis Rodman har no avslørt at dei to har ei dotter.

Foto: KCNA / Reuters

Avretta sin førre kjærast ved skyting

Kim Jong-un lét for få veker sidan sin tidlegare kjærast Hyon Song-wol bli avretta ved skyting. Ho skal ha blitt avretta 20. august saman med om lag ti andre personar som skal ha gjort videoopptak av ein sex-orgie og selt opptaket.

Det skriv den sørkoreanske avisa Chosun Ilbo.

Kona til kim, Ri Sol-ju var tidlegare medlem av same dans- og songgruppe.

– Kim er ein «kul type»

Amerikanske Dennis Rodman og den nordkoreanske diktatoren Kim Jong-un utgjer eit usannsynleg venepar.

Den tidlegare basketballstjerna har besøkt det USA-fiendtlege Nord-Korea fleire gongar, og har tidlegare skildra den unge diktatoren som ein «kul type».

Klem mellom Kim Jong-un og Dennis Rodman

BROMANCE: Diktatoren Kim Jong-un og den tidlegare basketstjerna Dennis Rodman midt i ein god klem i Pyongyang i februar.

Foto: KCNA / Reuters

Første gongen det blei kjent at Rodman besøkte Nord-Korea var i mars i år.

Ein månad seinare oppførte Kim seg som ein laus kanon på dekk, på nippet til å bringe Korea-halvøya inn i ein katastrofal krig med gjentekne truslar mot Sør-Korea og USA.

Krigshissing og ein forkjærleik for Disney

Samtidig som at unge Kim har arva den hissige krigsretorikken til far sin, har han vist ei større interesse for vestlege, typisk amerikansk underhaldning, som fornøyelsesparkar og Disney-figurar.

Rodman og Kim planlegg ifølgje Rodman ein historisk vennskapskamp i basketball mellom Nord Korea og USA. Kim skal visst vere ein basketball-fan.

Diplomati gjennom basketball

– Kim er ein flott fyr. Han elskar basketball, og han er interessert i å bygge tillit og forståing gjennom sport og kulturell utveksling, seier Rodman, som seier han vil at alle skal vere vener.

– Eg veit at med tida vil amerikanarane skjøne at eg berre prøvar å hjelpe alle å kome overeins med kvarandre gjennom basketball. Gjennom mitt venskap med Kim veit eg at dette kjem til å gå bra, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt