Hopp til innhold

Disney-figurar dansa for diktator Kim Jong-un

I helga dukka Mikke Mus opp på statleg fjernsyn i Nord-Korea. – Eit lite, men viktig steg mot meir openheit, meiner ekspert.

North Korea Disney Characters

Mikke og Minnie Mus var nokre av figurane som dukka opp under konserten til ære for diktator Kim Jong-un.

Foto: Ap

Personar utkledd som Ole Brumm, Tigergutt, Mikke og Minnie Mus opptredde under ein konsert for Kim Jong-un fredag førre veke.

Bileta frå nordkoreansk statsfjernsyn viser Kim Jong-un som smiler og applauderer etter førestillinga i Pyongyang.

Sjå video lenger nede i saka.

Morten Traavik

– Dette treng ikkje bety noko anna enn at Kim Jong-un likar Mikke Mus, meiner kunstnar Morten Traavik. Her frå eine kunstprosjektet hans i Nord-Korea.

Foto: Morten Traavik

NRK.no har fått Nord-Korea-ekspert Geir Helgesen til å sjå på bileta, som han karakteriserer som små, men viktige steg for landet.

– Dette viser at det er forskjell på Kim Jong-un og faren hans. Kim Jong-un er ung og har ei tilknytning til Europa etter studieopphaldet i Sveits, seier Helgesen, som er direktør ved Nordisk Institutt for Asienstudier i København.

Har fått signaturlåt

Kim Jong-un tok over som leiar i Nord-Korea då far hans, Kim Jung-il, døydde i desember i fjor. Det har herska stor spenning om den unge leiaren vil opna opp landet.

Førre veke kom den første offisielle propagandahymna for leiaren.

Les meir: Kim Jong-un har fått seg signaturlåt.

Geir Helgesen har besøkt Nord-Korea fleire gongar, og meiner landet har endra seg dei siste åra.

– Folk på gata har ulike hårfrisyrar og ulike klesplagg. Folk er ikkje lenger så uniformerte. Dessutan har staten gradvis opna opp for meir private aktørar i marknaden. Noko er på gang i Nord-Korea, seier Helgesen.

Han får støtte av kunstnar Morten Traavik, som har arbeidd med fleire kunstprosjekt i Nord-Korea.

– Eg ser små betydelige teikn når eg besøker landet; fleire mobiltelefonar, fleire bilar i gatene og fleire ungdommar på rollerblades.

Les meir: Dette bildet ville Nord-Korea sensurere

Sjå video:

Kritiserer norske politikarar

Morten Traavik åtvarar verdssamfunnet mot å legga for mykje i bileta av dansande Disney-figuarar i Pyongyang.

– Det treng ikkje bety noko anna enn at Kim Jong-un likar Mikke Mus. At dette blir ei verdsnyheit må bygga på ei misforståing om at Nord-Korea er i krig mot Mikke Mus. Det er dei ikkje, dei er i krig mot USA, og dei klarar fint å skjelna mellom politikk og populærkultur, seier Traavik.

Både Morten Traavik og Geir Helgesen meiner Nord-Korea er langt opnare for kontakt enn det vestlege styresmakter trur. Dei oppmodar norske politikarar å strekka ut ei hand mot diktatorstaten.

– Norske politikarar er passive og defensive til Nord-Korea, meiner Traavik.

– Nordkoreanske styresmakter veit at systemet deira har spela fallitt, og at dei må finna ein ny veg. Nordiske land kan vera eit førebilete, me klarar å blanda privat og offentlig på ein god måte, seier Helgesen.

Nord-Korea hatt lenge hatt problem med matmangel, og UNICEF åtvarar no mot at mange nordkoreanarar blir kortvokste grunna lite mat.

I fjor kom Amnesty-rapporten som viser at 200 000 nordkoreanarar sit i redselsfulle arbeidsleirar.

– Folk sit framleis i arbeidsleirar fordi dei er sett på som opposisjonelle. Men det kan ikkje hindra oss i å ha ein kritisk dialog med landet, seier Geir Helgesen.

North Korea Disney Characters Kim Jong Un

Kim Jon-un applauderer under konserten der Disney-figurar opptredde.

Foto: Ap

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)