Hopp til innhold

Republikanarane held kontrollen over Senatet

Demokratane klarte berre å sikre seg eitt eller to av dei fem seta dei måtte ta for å sikre seg fleirtalet av dei 100 seta i Senatet. Også Representanthuset blir verande republikansk.

Republikanerne fikk flertall med 51 av 100 plasser. Grafikk

Republikanarane fekk fleirtal med 51 av 100 plassar i Senatet.

Foto: NRK

Valet var venta å bli vanskeleg for republikanarane, som trass i sitt noverande fleirtal hadde mange fleire seter ute til val enn demokratane. 34 av dei 100 seta var på val i denne omgangen, heile 24 av dei republikanske. Dei hadde altså difor meir å tape.

Rand Paul

Rand Paul berga plassen sin i Senatet.

Foto: Matthew Holst / Ap

Likevel minner Vox om at det ofte er vanskeleg å slå senatorar som allereie har ein plass i senatet. I tillegg kan det verke som at Trumps uventa siger i mange av vippestatane kan ha smitta over på dei republikanske senat-seta.

Første «latina» i Senatet

Sjølv om dei måtte gi tapt til Donald Trump i primærvalet blir både Marco Rubio og Rand Paul sittande i Senatet, der Republikanarane held på fleirtalet.

Med eit republikansk fleirtal ser det også ut til at majoritetsleiar Mitch McConnell får halde på sin posisjon.

Republikanarane klarte også å slå sterke motstandarar i Nord-Carolina, New Hampshire og til og med i Wisconsin, der det var venta at veteranen Russ Feingold skulle vinne tilbake sin plass.

Senate 2016 Nevada Catherine Cortez Masto, Paul Masto, Manny Garcia

Den demokratiske kandidaten for Nevada, Catherine Cortez Masto, saman med mannen Paul Masto.

Foto: Steve Marcus / Ap

Det einaste lyspunktet for demokratane er valet av Tammy Duckworth i Illinois og Catherine Cortez Masto i Nevada. Dei blir dei to første kvinnelege senatorane med minoritetsbakgrunn. Tammy Duckworth har ei mor frå Thailand med kinesisk opphav, og Catherine Cortez Masto har ein far med mexicansk bakgrunn.

Politico skriv om korleis utgåande senator og minoritetsleiar Harry Reid (D) har lagt ned ein stor innsats i å få ut dei latinamerikanske stemmene i ørkenstaten.

Republikansk dominans i alle ledd

Også i representantanes hus held republikanarane på fleirtalet.

Med republikansk fleirtal i begge kammer vil demokratane ha lite dei skulle ha sagt dei neste åra. Dette vil også truleg medføre ein konservativ Høgsterett. Der har ein plass

Senator John McCain

Trump-motstandaren John Mc Cain berga plassen sin i Senatet.

Foto: Ralph Freso / Ap

vore ledig sidan den konservative Antonin Scalia døydde tidlegare i år, etter at republikanarane har nekta å la Obama utnemne ein ny dommar før hans periode er ute.

Likevel. det er ikkje sikkert at alle vil støtte Trump. Mange har vist avstand, blant anna tidlegare presidentkandidat John McCain, som blei attvalt i Arizona. Også Marco Rubio har hatt vondt for å gi Trump si støtte. I sin siste valkamptale nemnde han ikkje Donald Trump med eitt ord.

– Neppe støtte i alt

Det at Det republikanske partiet får kontroll over Det kvite hus, Senatet og Representanthuset vil gjere det langt lettare å gjennomføre politikken sin. Likevel er det ikkje sikkert at Donald Trump vil greie å gjennomføre alt han har lovd i valkampen.

Professor Erik Åsard, professor i Nord-Amerika-studiar ved Universitetet i Uppsala, seier at Trump vil ha motstandarar i eige parti, og at det ikkje er sikkert at dei vil støtte han i alt og eitt.

– Det kan bli veldig vanskeleg å få fleirtalet til å bli med på å byggje muren på grensa til Mexico, og Trump kan bli tvungen til å inngå kompromiss i den økonomiske politikken, infrastruktursatsingar og forslaget om å hindre muslimar å kome inn i USA, seier Åsard til SVT.

SISTE NYTT

Siste nytt