Hopp til innhold

Representanthuset overkøyrde Trump-veto

Representanthuset stemde måndag med overveldande fleirtal for å køyre over president Donald Trump sitt veto mot forsvarsbudsjettet.

Nancy Pelosi

FEKK FLEIRTAL: Demokratane sin leiar i Kongressen, Nancy Pelosi, fremma eit forslag om å køyre over presidenten sitt veto om forsvarsbudsjettet. Amerikanske medium kalla det eit audmjukande nederlag for Trump.

Foto: TASOS KATOPODIS / AFP/NTB

Stemmetala i Representanthuset var 322 for å overkøyre vetoet og 87 imot, godt over dei to tredelar av stemmene som trongst.

Det betyr at rundt halvparten av republikanarane valde å stemme mot Trump og slutta seg til demokratane i avstemminga.

Det er venta at Senatet, der det òg blir kravd to tredels fleirtal, stemmer på same måten på onsdag.

Audmjukande

Avstemminga er eit audmjukande nederlag for presidenten, ifølgje amerikanske medium. Dersom vedtaket vert det same i Senatet, er det første gongen at Kongressen overkøyrer eit veto frå Trump, skriv Politico.

President Donald Trump dro for å spele golf i Florida

VALDE Å SPELE GOLF: Bilkortesjen til president Donald Trump på veg frå golfbanen i West Palm Beach i Florida medan Representanthuset diskuterte forsvarsbudsjettet og koronatiltak.

Foto: ANDREW CABALLERO-REYNOLDS / AFP/ntb

Trump la vesle julaftan ned veto mot forsvarsbudsjettet på 740,5 milliardar dollar, sjølv om det var vedteke med stort fleirtal i både Representanthuset og Senatet. Budsjettsaka har vore ei uavklart verkebyll sidan rett etter sommaren.

Årsakene til at Trump la ned veto, er fleire. Han er misnøgd med at budsjettet ikkje inneber fjerning av ei lov som gir sosiale medium som Facebook og Twitter rettsleg vern, kalla Section 230. Han er òg sterkt imot at ti militærbasar kalla opp etter omdiskuterte sørstatsgeneralar, skal kunne skifte namn.

Fullmåne over Kongressen i USA

LANGE DEBATTAR: Månen steig opp over Kongressen i Washington medan Representanthuset vedtok å sette presidenten sitt veto til side.

Foto: SAUL LOEB / AFP/NTB

Vedtok høgare kontantstøtte

Demokratane i Representanthuset i USA fekk måndag kveld gjennomslag for at alle amerikanarar skal få ein krisesjekk på 2000 dollar. Stemmetalet var 275–134. Dei som stemte mot var 130 republikanarar, to uavhengige og to demokratar. 44 republikanarar stemte for det demokratiske forslaget.

Demokratene har lenge bede om ei kontantstøtte på 2000 dollar, men fleirtalet av republikanarane ville ikkje gje meir enn 600 dollar i krisepakka som presidenten motviljug signerte søndag.

Kompromiss

Krisepakka er eit kompromiss som vart oppnådd før jul etter mange månaders hard tautrekking.

Demokratane så sitt snitt til på ny å fremme forslaget om 2000 dollar måndag etter at Trump og kravde det.

Speakeren i Representanthuset, demokraten Nancy Pelosi, sa før avstemminga at Republikanarane hadde valet mellom å stemme for ei høgare kontantstøtte og å nekte amerikanarane hjelpa dei treng.

Dei som stemte nei grunngav det med frykt for auka utgifter og endå større budsjettunderskot.

Uklart i Senatet

Leiaren for Republikanarane i Senatet, Mitch McConnell, har ikkje sagt noko om korleis Senatet skal handtere vedtaket, men Demokratane sin leiar i Senatet, Chuck Schumer, krev ei avstemming allereie tysdag.

– Det er stor støtte for desse naudsjekkane på 2000 dollar frå alle kantar av landet. McConnell må sørge for at Republikanarane ikkje står i vegen for å hjelpe amerikanske arbeidarar og familiar som roper på hjelp, sa Schumer.

Krisepakka som Trump signerte søndag, inneber at alle amerikanarar som tener opp til 75.000 dollar (cirka 650.000 kroner) i året, får ein sjekk på 600 dollar, pluss 600 dollar per mindreårige barn.

Milliardar vert delte ut

Den gir også arbeidslause ei tilleggstrygd på 300 dollar i veka og nærare 300 milliardar dollar i lønestønad til små og mellomstore bedrifter.

Flyselskap, postverket, skolar, bønder og matprogram for fattige er og tilgodesett med pengar, i tillegg til middel til vaksinedistribusjon. Pakka inneber og ei forlenging av eit forbod mot å kaste ut leigebuarar som ikkje klarer husleiga.

I kompromisset som Demokratane måtte godta, fekk dei ikkje gjennomslag for store middel til delstatar og lokale styresmakter sin kamp mot pandemien. Men dei lovar meir støtte når Joe Biden har overtatt som president etter 20. januar.

Sanders truar med trenering

Krisepakka skal no til vidare handsaming i Senatet. Ifølge Reuters er skjebnen usikker i Senatet der republikanarane har fleirtal.

Bernie Sanders

FILIBUSTER: Senator Bernie Sanders kan kome til å trenere avstemminga for å skape problem for Republikanarane.

Foto: Samuel Corum / AFP/NTB

Det er mogeleg at dei to sakene vert kopla saman i Senatet. Ifølgje Axios planlegg senator Bernie Sanders (D) å trenere avstemminga. Det kan skape problem for Republikanarane.

5. januar er det suppleringsval i delstaten Georgia. Dersom krisestøttepakka ikkje vert vedteke i romjula, kan det skape problem for dei to republikanske senatorane David Perdue og Kelly Loeffler som skal drive valkamp i Georgia. Begge dei to må sikre attval om Republikanarane skal sikre framleis fleirtal i Senatet.

Les og: Trump-venleg avis ber han «stanse galskapen»

SISTE NYTT

Siste nytt