Hopp til innhold

Reiste frivillig til IS i Syria: - Den største tabben eg har gjort

Laura Passoni tok med seg den fire år gamle sonen sin og reiste til Syria som IS-frivillig saman med ein mann ho hadde møtt på nettet. Ho oppdaga fort at det var den største tabben ho hadde gjort i livet.

Laura Passoni melde seg frivillig til IS.

Laura Passoni har skrive bok om opplevingane sine hos IS i Syria.

Foto: Geert Vanden Wijngaert / Ap

Belgiske Laura Passoni (31) greidde å kome seg tilbake til Belgia. No brukar ho tida si på å åtvare andre mot å slutte seg til terrororganisasjonen Den islamske staten, og i dag lanserte ho boka «I hjartet av IS med sonen min».

Her fortel ho kva ho opplevde då ho reiste til Syria saman den fire år gamle sonen sin, overtalt av Oussama, mannen ho møtte på Internett. Dei gifte seg etter kort tid, og ho fortel at han greidde å overtale henne til å slutte seg til IS ved blant anna å seie at det ikkje var ei framtid for gode muslimar i Belgia.

Konvertitt

Boka til Laura Passoni.

Boka til Laura Passoni har førebels berre kome ut på fransk.

Foto: Geert Vanden Wijngaert / Ap

Ho hadde konvertert til islam nokre år tidlegare, etter å ha hatt ei islamsk bestevenninne sidan barndomen.

Dei tok seg over til Syria via Tyrkia i juni 2014. Her møtte dei mange andre frivillige frå Europa, blant anna ei 15 år gammal fransk jente som også hadde møtt ektemannen sin på nettet.

– Eg forstod straks at eg hadde gjort ein stor tabbe. Eg ville ikkje at den fire år gamle sonen min skulle bli slik som mennene i IS, eg ville ikkje at han skulle bli terrorist. Dessutan var eg gravid, sa Laura Passoni då ho presenterte boka si.

Ho fortalde også at det var forferdeleg å vere kvinne der. Ho var innelåste det meste av tida saman med andre kvinner og mødrer. Det var ei viktig oppgåve for kvinnene å lære borna deira til å vere likegyldige til valdsbruken dei såg, sa ho.

Tortur og avrettingar

– Dette var ikkje noko liv. I Belgia hadde eg ein jobb, eg kunne kome og gå som eg ville, men her var eg innelåst. Det var ingenting eg likte med livet hos IS, sa ho på pressekonferansen, som vart halden i ein hotellbar i Brussel.

Dei såg videoar med tortur og avrettingar, og dei hadde ingenting dei skulle ha sagt. Dei såg også grov valdsbruk og drap på nært hald under det ni månader lange opphaldet, der ho også fødde ein gut til.

– IS er ivrige etter å få tak i kvinner som kan føde born, særleg gutar. Dei er framtida til kalifatet, det er rekruttane deira, sa ho.

Fra plankebyen til slagmarken

Hussain tiltalt for IS-rekruttering

Dom på vilkår

Familien på fire kom seg heim til Belgia, der dei vart arresterte. Borna vart overlatne til hennar foreldre, og 23. mars i år fekk ho og mannen dommane sine. Dette var dagen før terrorangrepet mot flyplassen og metroen i Brussel, utført av IS.

Oussama vart dømd til fem års fengsel, medan Laura fekk ein dom på vilkår. Ho har ikkje lov til å ha kontakt med mannen i fengselet. Ho har ikkje hatt kontakt med kvinnene ho møtte i IS-leiren i Syria, men fortel at ho har høyrt at leiren vart bomba kort tid etter at dei kom seg ut.

Trønder terrorsiktet av PST

SISTE NYTT

Siste nytt