Hopp til innhold

Regissør skal dykke elleve km

Regissør James Cameron skal dykke ned i Marianergropa, som er verdas djupaste punkt. Cameron vart fascinert av djupdykk medan han filma «Titanic».

James Cameron

NED I DJUPET: regissøren James Cameron skal dykke elleve kilometer nedi havet.

Foto: DAN STEINBERG / AP

James Cameron håpar å dykke ned til verdas djupaste punkt, Marianergropa i Stillehavet, i ein einmannsubåt i løpet av dei komande vekene, melder BBC.

Marianergropa i Vest-Stillehavet er 10 911 meter djup. Cameron har nettopp gjennomført eit vellukka testdykk til 8 km djupn utanfor Papua Ny Guinea.

– Dei djupe havgropene er dei siste uutforska områda på planeten vår og har forskingsmateriell nok til dei neste 100 år, seier Cameron.

"Titanic"

HAR ERFARING: Cameron brukte undervassrobotar då han laga dokumentar om korleis spelefilmen «Titanic» vart til.

Foto: Scanpix/Reuters

Regissøren har lenge vore begeistra for havdjupa, og brukte miniubåtar til å dykke ned til vraket av «Titanic».

Skal dykke åleine

Fartøyet Cameron skal bruke, «Deapsea Challenge», tek berre ein person og er utstyrt med kamera som tåler 1000 gonger det atmosfæriske trykket ved havoverflata.

Cameron skal bruke seks timar på å filme og utforske botnen av gropa, samt ta prøver til forskingsmiljøa. Han skal lage ein dokumentar om dykket.

– Målet er å etterlate ein forskingsarv for komande generasjonar og inspirere folk over heile verda til å vere med på utforskinga på nettet og gjennom materialet me produserer, seier han.

Fyrste sidan 1960

Dei einaste som har vore nede i Marianergropa er Don Walsh og Jacques Piccard.

Walsh var ein løytnant i US Navy og saman med den sveitsiske oseanografen Piccard dykka han ned i havgropa med fartøyet «Bathyscaphe Trieste» den 23. januar 1960.

– Eg er ikkje stolt av at ingen har vore der nede på meir enn eit halvt hundreår. Eg er veldig glad for at Mr Cameron no skal ned dit, sa kaptein Walsh til BBC.

(Saka held fram under kartet)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kappløp

Det er fleire ekspedisjonar som konkurrerer om å vere den fyrste til å nå verdas djupaste punkt i nyare tid. Om det lukkast Cameron å dykke i løpet av dei neste vekene, blir han vinnaren.

Richard Branson, mest kjend for musikkfirmaet Virgin, er ein av dei som støttar ein djuphavsekspedisjon. Erik Schmidt frå Google er ein annan. Og eit firma i Florida planlegg å bygge ein ubåt som kan frakte turistar til havbotnen.

Biologisk mangfald

Sjølv om ingen menneske har vore i havgropa sidan Wlash og Piccard, har forskarar utforska den med robotar og andre ubemanna fartøy.

Det er meir enn 20 djuphavsgroper i verda. Biologar er overraska over dei forskjellige livsformene som finst i havdjupet og geologar er interesserte i rolla djuphavsgropene spelar i jordskjelv og klimaendringar.

– Å forstå djuphavsgropene er avgjerande for meir innsikt i korleis planeten vår fungerer, seier Kaptein Walsh.

SISTE NYTT

Siste nytt

Kraftige sammenstøt på universitet i California

Proisraelske og propalestinske studenter gikk natt til onsdag løs på hverandre på universitetsområdet til UCLA. Demonstrasjonene er på kokepunktet i 25 amerikanske byer.

Politiet gjekk inn på universitet med store styrkar

Samstundes som demonstrantane vart arresterte av politiet, vart dei heia fram av unge palestinarar på Gazastripa.