Hopp til innhold

Fordømmer angrep mot synagoge i Polen

Polske styresmakter fordømmer eit angrep med molotovcocktailar mot ein synagoge i Warszawa natt til onsdag, skriv NTB.

– Antisemittisme har ingen plass i Polen. Det er ingen plass til hat i Polen, skriv president Andrzej Duda på X.

Synagogen var den einaste synagogen i byen som overlevde jødeforfølgingane til nazistane.

Angrepet førte ikkje til store skadar, og ingen personar blei skadde.

Det jødiske lokalsamfunnet i Warszawa seier er uroa etter angrepet.

Ingen har så langt teke på seg ansvaret for handlinga, og ingen er gripne.

Synagoge i Warszawa ble angrepet av molotovcoctails
Foto: SERGEI GAPON / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no