Hopp til innhold

Her eksploderer Pike River-gruva

Redningsaksjonen på New Zealand opplevde eit nytt tilbakeslag i dag, då en robot braut saman på veg inn i gruva.

Video Eksplosjon i gruve på New Zealand

Video av eksplosjonen i gruva på New Zealand fredag.

– Det blir meir og meir tydeleg at dei 29 karane kanskje ikkje sit der nede og ventar på å bli redda, seier gruvesjef Peter Whitall i dag.

Han viste ein minuttlang film av eksplosjonen i Pike River, der 29 menn har vore innestengde i ei kolgruve sidan fredag .

Videoen viser ein langvarig eksplosjon og kvit pulverrøyk som kjem ut frå inngangen til gruva, medan kamera ristar.

Redningsaksjonen har møtt mykje motstand frå både gass og brann . I dag tidleg braut ein robot saman på veg inn i gruva.

Mørkare for kvar time som går

Gruvesjef Peter Whitall

Gruvesjef Peter Whitall peiker på kvar han trur dei innesperra gruvearbeidarane er.

Foto: Ross Setford / Ap
Her lagar dei hol ned til dei fanga gruvearbeidarane

Her lagar dei hol ned til dei fanga gruvearbeidarane.

Foto: STR / Afp

Ein ny robot er no på plass i Pike River, men politisjef Howard Broad seier det ikkje ser lyst ut for dei sakna mennene.

– Det ser mørkare og mørkare ut for kvar time som går, sier han til avisa The Australian.

Den nye roboten er sendt frå hovudstaden Wellington etter at den første braut saman 550 meter inne i den 2,5 kilometer lange gruvegangen.

Samtidig er det 165 meter djupe boreholet ned til gruva snart ferdig. Holet er i føremiddag norsk tid 145-150 meter djupt, men dei manglar altså framleis nokre meter.

25 kg pusteutstyr

Når boreholet er ferdig, vil det vere mogleg å måle gassinnhaldet inne i gruva, og dermed avgjere om det er fare for ein ny eksplosjon. Dette er avgjerande for om redningspersonell kan gå inn i gruva.

I dag er 18 nye redningsarbeidarar venta til gruva, og dermed står fleire enn hundre personar klare til å rykke inn når og om det blir trygt.

Kvar av dei blir utstyrte med 25 kg utstyr og pusteapparat som dei skal bere med seg den nesten 3 kilometer lange marsjen inn dit ein trur at gruvearbeidarane er.

24 av dei 29 innesperra gruvearbeidarane

24 av dei 29 innesperra gruvearbeidarane.

Foto: Handout / Reuters

Førebur seg på tap av liv

Gary Knowles leiar redningsaksjonen

Politiesjef Gary Knowles leiar redningsaksjonen.

Foto: Ross Setford / Ap

– Dette er ein veldig alvorleg situasjon, og jo lenger tid det tar, jo svakare blir håpet. Vi må vere realstiske, seier politisjef Gary Knowles, som er leiar for redningsinnsatsen.

Også statsministeren i landet, John Key uttrykkjer at håpet er i ferd med å forsvinne.

– Vi håpar og ber for at dei sakna mennene er i live og har det bra. Men sidan vi ikkje har hatt kontakt med dei på snart fire dagar, er situasjonen framleis alvorleg. Sjølv om vi må vere optimistar, førebur politiet seg no på tap av liv, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt