Hopp til innhold

– Vi førebur oss på at dei er døde

Redningsarbeidarane i New Zealand førebur seg på at dei innesperra gruvearbeidarane i Pike River-gruva ikkje lenger er i live.

Gruvesjefen Peter Whitall og sjefen for redningsaksjonen Gary Knowles

Gruvesjefen Peter Whitall og sjefen for redningsaksjonen Gary Knowles førebur seg på at gruvearbeidarane kanskje ikkje kjem ut i live.

Foto: WILLIAM WEST / Afp

– Vi er framleis optimistar. Vi har eit ope sinn, men vi førebur oss på alle utfall ...og då førebur vi oss også på at liv kan ha gått tapt, seier politisjef Gary Knowles på ein pressekonferanse i New Zealand.

Det er den minst optimistiske ytringa frå sjefen for redningsarbeidet sidan ulykka fredag.

Tidlegare har han lagt trykk på at dette var ein redningsaksjon.

No gir han uttrykk for at det går mot at dei konsentrerer seg om å leite etter omkomne gruvearbeidarar, skriv australske The Australian.

Gruvesjef Peter Whitall

– Det blir meir og meir alvorleg for kvar time som går, seier gruvesjef Peter Whitall.

Foto: WILLIAM WEST / Afp
Inngangen til kullgruven Pike River på New Zealand

Inngangen til kolgruva Pike River på New Zealand

Foto: MARTIN HUNTER / Afp

Meir alvorleg for kvar time som går

Gruvesjefen Peter Whitall ventar at eit borehol ned til gruva snart vil vere klart.

På pressekonferansen fortel han at holet no er 135 meter djupt og at dei manglar 25 meter på å kome fram til gruva.

Også Whitall seier at håpet om å finne overlevande no er i ferd med å svinne.

– Realitetane er at det blir meir og meir alvorleg for kvar time som går, seier han.

Undersøkingar har vist at det framleis er varme under jorda, og det betyr at det også no er farleg å sende redningsarbeidarar inn.

– Må ikkje gi opp enno

Borgarmeister i Greymouth Tony Kokshoorn ber om at redninsarbeidet blir trappa opp i nær framtid.

– Vi ønskjer at redningsarbeidet blir teke vidare. Vi må gjere det for familiane, seier han.

Han kallar gruveulykka den største tragedien som har råka Greymouth.

– Dette er eit av desse mareritta som vi berre er nøydde å møte. Vi har ikkje noko val. Vi må stå på og ikkje gi opp håpet før vi får ein annan beskjed, seier han.

Søndag reiste ein buss med familiemedlemmer til dei innesperra gruvearbeidarane til gruveområdet, der dei fekk følgje med på situasjonen der.

Familiane til dei sakna trøystar kvarandre

Familiane til dei sakna gruvearbeidarane trøystar kvarandre.

Foto: Mark Mitchell / Ap

29 personar sakna

Ingen har høyrt noko frå dei 29 innesperra gruvearbeidarane sidan ulykka fredag. Gasslekkasje og brann inne i gruva hindrar redningsarbeidarar å gå inn.

Av dei sakna er 24 frå New Zealand, to australiarar, to britar og ein frå Sør-Afrika.

To gruvearbeidarar kom seg ut i live.

SISTE NYTT

Siste nytt