Håpet er i ferd med å svinne for familiane til dei 29 innesperra gruvearbeidarane i Pike River-gruva.
Undersøkingar som er gjort i gruva i Greymouth, har utsett redningsaksjonen yttarlegare.
- Les:
- Les:
– Det er framleis ikkje trygt for redningsarbeidarar å gå inn i gruva, seier sjefen for gruva, Peter Whitall, ifølgje den australske avisa Daily Telegraph.
Brann og farleg gass
– Prøvene vi har gjort, viser at det er varmeutvikling under jorda. Det betyr at det er ein brann som sprer gassen i gruva, seier Whitall.
Brannen og den giftige gassen tvingar redningsmannskapet til å halde seg på overflata. Myndigheitene vil ikkje risikere at fleire liv eventuelt går tapt.
- Les:
Familiemedlemmer har no besøkt gruveområdet. Media fekk ikkje vere med på bussen som gjekk til Pike River, men reportarane fortel at mange var i tårer då dei gjekk om bord.
Tung tid for familiane
Ifølgje Whitall skal to personar frå kvar familie få lov å gå rundt på gruveområdet og sjå korleis redningsarbeidet føregår.
– Eg er alltid optimist. Eg trur vi skal finne desse karane og få dei ut, seier han.
- Les:
Han fortel at familiane til dei sakna er samla på eit Røde Kors-senter, der dei får oppdatering om situasjonen.
– Det er heilt klart ei tung tid for dei. Dei brukar mykje tid saman, og det er ikkje mykje dei kan gjere anna enn å vente, seier Whitall.
Gruvearbeidarane skal vere 2 kilometer inne i den lange gruvetunnelen. Ingen har høyrt frå dei etter ein eksplosjon fredag.
(Artikkelen held fram under videoen)
For farleg å gå inn
Redningsmannskapet håpar framleis at dei skal finne overlevande inne i gruva.
– Vi konsentrerer oss stadig om å redningsaksjonen. Eg vil inn i gruva og få desse karana ut, seier politisjef Gary Knowles.
Men han vedgår at risikoen framleis er for høg på grunn av alt som går føre seg inne i fjellet.
– Eg kan ikkje sende mine menn inn i gruva før det er stabilt der inne, seier han.
Gir ikkje opp
Ifølgje statsminister John Key har prins William sendt ein e-post for å uttrykkje si medkjensle.
– Det er ei vanskeleg tid for alle, men vi er bestemte på at vi skal få alle ut, seier Key.
31 personar arbeidde i gruva fredag då
skjedde. To arbeidarar kom seg ut i live, 24 år gamle Daniel Rockhouse og 50-åringen Russel Smith.Rockhoust har lagt igjen mobiltelefonen sin inne i gruva. Denne har gruvesjef Whitall ringt fleire gonger utan å få svar.