Hopp til innhold

Uro i Sverige – person sikta for drapsforsøk

I løpet av natta blussa uroa opp igjen i Malmö i Sverige, og ein buss vart overtent.

KAPRING: Her stel motdemonstrantar ein politibil i Örebro.

Ved midnatt brann det fleire stader i bydelen Rosengård i Malmø, mellom anna i ein bybuss, skriv SVT.

Ifølgje avisa Sydsvenskan har ei rekke politibilar komme til staden, og politiet har sett inn hundepatruljar.

Ein bybuss brann i Malmö natt til søndag 17. april 2022

Ein bybuss brann i Malmö natt til søndag 17. april 2022

Foto: Johan Nilsson/TT / TT NYHETSBYRÅN

– Ein brennande gjenstand vart kasta inn i bussen. Sjåføren gjorde eit forsøk på å sløkke, men det gjekk ikkje og bussen vart evakuert. Alle skal ha klart å kome seg ut utan fysiske skadar, men dei er oppskaka, seier Mikael Espling i kollektivforvaltninga Skånetrafiken til SVT.

Laurdag oppstod det for tredje dag på rad bråk i Sverige då den omstridde danske politikaren Rasmus Paludan brann ein koran utanfor Malmö.

Lørdag var ein ny demonstrasjon planlagt i Landskrona. Den vart flytta til Skånegården i Malmö, skreiv den høgreekstreme politikaren Rasmus Paludan på Facebooksida si.

Ifølgje han starta demonstrasjonen klokka 17:00.

Rasmus Paludan fra partiet Stram Kurs ser foreløpig ikke ut til å komme inn i Folketinget.

MARKERING: Den danske politikaren Rasmus Paludan frå det høgreekstreme partiet Stram kurs.

Foto: RITZAU SCANPIX / Reuters

«Tid for å brenna mange koranar», var bodskapen hans vidare.

Politiet opplyste til SVT at demonstrasjonen blei avslutta klokka 20:00.

– Det verkar som at folk byrjar å reisa frå Skånegården og er på veg heim att, seier Patric Fors, talsperson i politiet.

Han legg til at politiet framleis er på staden.

Paludan er leiar i det høgreekstreme danske partiet «Stram kurs» og er no på såkalla valturne i Sverige. Det er valår i Sverige, og Paludan forsøkte same framgangsmåte under valet i Danmark i 2019.

Les også – Jeg tar sterkt avstand fra Rasmus Paludans sirkus

Rasmus Paludan

70–80 personar samla i Malmö

Mellom 70 og 80 personar samla seg i Malmö, skreiv SVT.

Rundt 30 personar kasta stein mot politiet og mot politibilar ved Skånegården i Malmö.

– Akkurat no er det roleg, med det kan snu fort, seier Calle Persson, talsperson i politiet, lørdag kveld.

Ingen frå politiet blei skadde, skriv både SVT og Aftonbladet.

Ei kvinne skal ha fått ein stein i hovudet under steinkastinga, skreiv Aftonbladet. Ambulansepersonell tok hand om kvinna.

Ifølgje Sveriges Radio skal ein dansk journalist blitt angripen og sparka ved Skånegården i Malmö.

DEMONSTRASJON: Motdemonstrantar bryt seg gjennom avsperringane i Malmö.

DEMONSTRASJON: Motdemonstrantar bryt seg gjennom avsperringane i Malmö.

Foto: Johan Nilsson/TT / NTB

Politiet skreiv også at ein bilførar hadde køyrt gjennom sperringane og at politiet brukte peparspray mot motdemonstrantar som forsøkte ta seg gjennom sperringane.

Personen som køyrde bilen er pågripen. Politiet opplyser til SVT at personen er sikta for drapsforsøk.

MOTDEMONSTRANTAR: Motdemonstrantar har møtt opp i Malmö, men politiet seier dei framleis har kontroll.

MOTDEMONSTRANTAR: Motdemonstrantar har møtt opp i Malmö, men politiet seier dei framleis har kontroll.

Foto: Johan Nilsson/TT / NTB

Ifølgje Helsingborg Dagblads reporter, som var på staden i Malmö, blei minst tre personar pågripne, skriv Aftonbladet.

Ifølgje politiet som SVT har snakka med var det over 20 politifolk på staden. Situasjonen skal vera under kontroll, men situasjonen var lenge spent i Landskrona.

MALMÖ: Rasmus Paludan måtte flytta demonstrasjonen frå Landskrona til Malmö.

MALMÖ: Rasmus Paludan måtte flytta demonstrasjonen frå Landskrona til Malmö.

Foto: Johan Nilsson/TT / NTB

Blei flytta – framleis uro i Landskrona

Koranbrenninga skulle etter planen skje i Landskrona, men markeringa blei flytta.

Politiet bestemte at Paludan ikkje får halda markeringar der han ville. Demonstrasjonen blei difor halden ved ein rasteplass langs ein motorveg sør for Malmö, ifølgje politiet.

– Det gjer vi rett og slett fordi vi meiner at vi reint taktisk kan takla situasjonen betre, sa kommunikasjonssjef i politiregion i sør, Anders Wiberg, til SVT.

Landskrona

STEINKASTING: Politiet melder om uro i Landskrona, der Paludan i utgangspunktet skulle halda markeringa si.

Foto: Johan Nilsson/TT / NTB

Samstundes kom det beskjedar om steinkasting ved plassen der Paludan hadde planlagt å brenna koranen.

– Det er framleis uroleg stemning. Heldigvis er så langt ingen skadde. Politiet har fått nokre steinar kasta mot seg, men bilane er ikkje så skadde at dei ikkje kan brukast. Ingen er pågripne eller varetektsfengsla, sa talsmann i politiet, Kim Hild, til SVT.

Ifølgje politiet var det rundt 60 demonstrantar på staden.

– Vi har sendt ressursar frå Malmö til Landskrona. I Malmö er situasjonen roleg, sa Hild like etter klokka 16:30 laurdag ettermiddag.

Landskrona demo

FULL FYR: Politiet seier til avisa Aftonbladet at ungdommar sette fyr på bilar i Landskrona.

Foto: Johan Nilsson/TT / NTB

Ifølgje Aftonbladet sin reporter på staden blei to bilar sette i brann i Landskrona. Dei skeiv at rundt 100 personar var på staden.

Tredje dagen med opptøyar: Angrep på rettsstaten

Det er tredje dagen på rad at den høgreekstreme politikaren varslar koranbrenning.

Rikspolitimeisteren i Sverige, Anders Thornberg kallar opptøyane «svært alvorlege».

– Vi har sett brutale opptøyar tidlegare, men dette er noko anna. Det er grov vald som rettar seg mot liv og eigedom, først og fremst mot politiet, sa han ifølgje Aftonbladet.

Opptøyane starta torsdag då Paludan skulle halda ein markering i Linköping. Minst to personar blei pågripe i samband med opptøyane. Seinare flytta opptøyane seg til nabobyen Norrköping.

Bråk i Navesta i Norrköping på torsdagskvällen. Oroligheterna utlöstes av att högerextremisten Rasmus Paludan har fått tillstånd att hålla en allmän sammankomst.

NORRKÖPING: Opptøyane spreidde seg frå Linköping til nabobyen Norrköping torsdag.

Foto: Stefan Jerrevång/TT / TT NYHETSBYRÅN

Fredag blei fleire politifolk skadd i samanstøyt med motdemonstrantar i den svenske byen Örebro. Tre politibilar blei sett i brann og politiet fyrte av eit varselskot og oppløyste Stram Kurs sin markering på grunn av sikkerheitssituasjonen.

Tre politibiler er satt i brann i Sveaparken i Örebro.

ÖREBRO: Tre politibilar blei sett i brann i Sveaparken i Örebro.

Foto: Kicki Nilsson/TT / NTB

Lokalavisa Nerikes Allehanda kunne melda at motdemonstrantar kapra ein politibil og køyrde rundt i området.

Fredag troppa Paludan også opp i Stockholm-forstaden Rinkeby, der det i utgangspunktet gjekk roleg føre seg. Då Paludan sette fyr på eit eksemplar av Koranen blei det kasta stein og åtte personar blei pågripne. Det opplyste politiet i Stockholm, ifølgje NTB.

SISTE NYTT

Siste nytt