Hopp til innhold

Radiovert gjorde narr av koronavaksinar – no er han dødssjuk med covid-19

– Det er ingen tvil om at mange ikkje lét seg vaksinere fordi han ikkje gjorde det, seier broren til radioverten Phil Valentine.

Phil Valentine

Radiovert Phil Valentine kjempar no for livet på eit sjukehus i Nashville, Tennessee. Bildet er frå radiokanalen, som har lagt det ut på Twitter med teksten «Pray for Phil», som betyr «be for Phil».

Foto: SuperTalk 99.7 WTN

Med eit program som blir sendt på radiokanalar over heile USA er Phil Valentine fleire gonger blitt kåra til ein av de viktigaste radiovertane i landet.

Under pandemien har han fleire gonger sagt at han ikkje ville vaksinere seg og også gjort narr av vaksinasjonsprogrammet. Før jul i fjor skreiv han på bloggen sin at han ikkje ville ta vaksinen.

Den konservative radioverten meinte det var små sjansar for at han ville bli smitta og under éin prosents sjanse for at han skulle døy dersom han vart smitta.

I juni song han ein parodiversjon av Beatles-låten «Taxman» – med tittelen «Vaxman» som gjorde narr av vaksinar, skriv New York Times.

Smitta for to veker sidan

12. juli kunngjorde likevel Valentine på sin Facebookside at han hadde fått covid-19.

– Dessverre for dykk hatarar der ute ser det ut som om det kjem til å gå bra, skreiv han og la til at han rekna med å vere tilbake på lufta om eit par dagar.

Sist fredag kom nyheita om at Valentine var lagt inn på sjukehus og søndag vart det kjent at tilstanden er kritisk. Han ligg i respirator om natta og får oksygen om dagen.

Han har no sendt ut ei pressemelding der han nektar for å ha vore vaksinemotstandar samtidig som han beklagar at han ikkje har oppfordra tilstrekkeleg sterkt om å ta vaksine.

På sosiale medium rasar no debatten om Valentine. Ein del uttrykker si medkjensle, mens andre seier det er til pass for han.

Broren Mark, som innrømmer at Phils ord har gjort at mange ikkje har vaksinert seg, seier det som har skjedd kan vere ein del av Guds plan.

– Kanskje dette skjedde slik at Phil kan snakke med folk og hjelpe til slik at ikkje fleire døyr, seier Mark Valentine, som sjølv har tatt vaksinen etter at broren blei sjuk.

Rekordauke i Florida

Smitten har auka jamt i USA i sommar. Vaksineringa skaut først enorm fart, før den no har bråbremsa. Delen vaksinerte står nokså stabilt på 49,1 prosent, viser tal frå CDC.

Smittetala i USA har tredobla seg sidan starten av juli.

Kvar fjerde nye smitta i landet er i delstaten Florida, som no melder om ein rekordauke i sjukehusinnleggingar.

Av dei 720 personane som for tida er innlagt med covid-19 i Sentral-Florida, er 94 prosent ikkje vaksinerte, ifølge Orlando Weekly.

USAs smittvernekspert, Anthony Fauci.

Smittevernekspert Anthony Fauci meiner situasjonen USA er i kunne vert unngått dersom fleire vaksinerte seg.

Foto: J. Scott Applewhite / AP

Smitten blant uvaksinerte har fått USAs fremste smittevernekspert Dr. Anthony Fauci til å gå hardt ut mot dei.

– Dette er hovudsakeleg eit problem blant uvaksinerte, som er grunnen til at vi er ute og praktisk talt tryglar uvaksinerte folk om å ta vaksinen, seier Fauci til CNN.

– Vi går i feil retning, legg han til.

«Don't Fauci My Florida»

Delstatane Alabama, Arkansas og Florida har blant dei lågaste vaksinasjonstala i USA. 48,1 prosent er fullvaksinerte i Florida, 1 prosent under landssnittet.

Virus Outbreak

Den republikanske guvernøren Ron DeSantis har tidlegare nekta å innføre strenge smitteverntiltak i Florida.

Foto: Matias J. Ocner / AP

Også guvernør i Florida, Ron DeSantis, oppfordrar no innbyggarane til å ta vaksinen.

– Vaksinen reddar liv og reduserer dødelegheita, sa DeSantis på ein pressekonferanse.

Utsegna hans har fått mange til å klø seg i hovudet. Den republikanske guvernøren lanserte nyleg ei rekke merchandise-produkt som gjer narr av smitteverntiltak og smitteverneksperten Fauci, skriv The Guardian.

Ein kan mellom anna kjøpe ein ølkjølar med teksten «Korleis i helvete skal eg drikke øl med munnbind på?", ei t-skjorte merka «Don't Fauci My Florida» og ein kaps med slagordet «Keep Florida Free».

Merchandise frå Floridas guvernør, Ron DeSantis.

«Korleis i helvete skal eg drikke øl med munnbind på?» er et sitat frå DeSantis frå da han var på Super Bowl utan munnbind, som var påbode den gong.

Foto: SKJERMDUMP FRÅ RONDESANTIS.COM

Inntektene av salet vil gå til hans politiske kampanjar framover. Ifølge Reuters er han også spådd som ein mogleg presidentkandidat i 2024.

Legar føler dei er tilbake til pandemiens start

DeSantis har også i stor grad valt å halde Florida open, samanlikna med andre delstatar, trass i høge smittetal under pandemien. Både helsepersonell og innbyggarar skuldar no guvernøren for å sende blanda signal.

– I fleire veker har smitten auka drastisk, så at guvernør DeSantis gjer narr av Dr. Fauci verkar rart for meg, sa kardiolog Bernard Ashby, som kritiserer guvernøren for manglande handtering av pandemien.

– Legane i Florida føler dei er tilbake på startstreken, legg han til.

FILE PHOTO: U.S. President Trump meets with Florida Governor DeSantis about coronavirus response at the White House in Washington

Ron DeSantis og tidlegare president Donald Trump er nære allierte.

Foto: Carlos Barria / Reuters

Andre skuldar DeSantis for å gjere politikk ut av folk sine liv.

– Det er veldig tydeleg at Ron DeSantis sine prioriteringar er det som tener hans politiske interesser, som er å lansere presidentkampanjen hans for 2024. Han er fokusert på alt anna enn Florida, seier ein medgrunnleggar av gruppa «Ron Be Gone».

Trass i at DeSantis og andre republikanske guvernørar har gjort narr av Fauci, er Fauci sjølv meir opptatt av at dei no endeleg oppmodar fleire til å vaksinere seg.

– Det eg verkeleg ville likt å sjå meir av, er at leiarane i dei områda som ikkje vaksinerer nok folk, går ut og oppmuntrar fleire til å ta vaksinen, seier Fauci.

SISTE NYTT

Siste nytt