NRK Meny
Normal

Putin: – Stopp krigen umiddelbart

Ifølgje eit statleg russisk nyheitsbyrå uttrykker Russlands president stor uro for krigen i Ukraina. På same tid får han krasse skuldingar mot seg – denne gong frå Erna Solberg.

Ukraina

Erna Solberg kritiserer i dag Vladimir Putin og skuldar Russland for å bidra til krigen i Ukraina. Putin ber på sin side om at alle partar sluttar fred.

Foto: Afp/Ap

Vladimir Putin er særs uroa for situasjonen i Donbass-regionen, skriv nyheitsbyrået TASS, som har tette band til russiske styresmakter. Han oppmodar alle partar til å stoppe kamphandlingane umiddelbart.

Det skjer same dag som ein opprørsleiar seier at han vil mobilisere 100.000 soldatar som alle skal kjempe ned regjeringsstyrkar, og han har allereie store styrker på gang.

– Det vil vere ei generell mobilisering i Folkerepublikken Donetsk om ti dagars tid. Me planlegg å mobilisere 10.000 nye menn som vil bli kalla inn, seier separatistleiar Aleksandr Zakhartsjenko.

LES OGSÅ: – Ingen våpenhvileavtale for Ukraina

Erna Solberg: – Bryt med internasjonal lov

Men samstundes som Putin maner til våpenkvile, så vert Russland stadig skulda for å vere blant dei som bidreg til at krigen kan halde fram. Mellom anna ved å gi våpen til opprørsstyrkane. Russland har lenge nekta for at dei er aktive i konflikten, utan at skuldingane har stoppa av den grunn.

Og seinast i dag gjekk statsminister Erna Solberg ut og sa at Noreg veit at Russland har soldatar i Ukraina.

UKRAINE-CRISIS/CASUALTIES Local residents leave a residential block during a recent shelling, in the town of Yenakieve

I Donetsk i Aust-Ukraina er ein heil by skutt i stykkar av dei krigande partane.

Foto: MAXIM SHEMETOV / Reuters

– Propaganda, indirekte intervensjonar og å fortsette å nekte for det, er nøkkelord for den russiske framgangsmåten, sa Solberg til NTB i dag.

LES OGSÅ: – Situasjonen blir verre i Øst-Ukraina

Solberg seier at Noreg kjem til å legge seg på same linje som EU, om unionen vel å forlenge sine sanksjonar mot Russland.

– Dei bryt med internasjonal lov, både det dei har gjort på Krim-halvøya, og det militære utstyret dei gir til opprørarane i Aust-Ukraina. Og me veit jo at det er russiske soldatar på bakken der, seier den norske statsministeren.

Vurderer fleire sanksjonar

Nato og EU er sentrale aktørar i kritikken mot Russland, og EU vurderer for tida eventuelle nye sanksjonar mot russiske enkeltpersonar eller bedrifter som dei meiner er skuld i kamphandlingane i Ukraina.

Førre veke vedtok unionens ministerråd å utvide fleire sanksjonar som har eksistert i ni månader, samstundes som det skal takast ei vurdering på om også fleire skal førast opp på EUs svarteliste.

Om lista skal utvidast skal først takast stilling til på neste statsleiarmøte no i februar. Fram til no har sanksjonane skapt økonomiske utfordringar i Russland, men dei har ikkje lukkast med å sette ein stoppar for kamphandlingane i Ukraina.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt