NRK Meny
Normal

Hovudkvarteret til opposisjonen i brann

Ukrainsk opprørspoliti storma tysdag kveld Sjølvstendeplassen i Kiev, og det er på nytt harde samanstøytar mellom politi og demonstrantar. Store delar av protestleiren står i brann.

Protester i Kiev

Demonstrantane op Sjølvstendeplassen i Kiev svarar poltiet med å kaste bensinbomber, stein og fyrverkeri.

Foto: DAVID MDZINARISHVILI / Reuters

SISTE: Det er frykt for at fleire personar er inne i den brennande bygningen der opposisjonen har hatt sitt hovudkvarter i Kiev, melder KyivPost.

Situasjonen i den ukrainske hovudstaden er svært dramatisk . Ved 23.50-tida i tysdag opplyste styresmaktene at 18 menneske er stadfesta døde i uroa.

Ein talsmann for politiet seier at sju politimenn er drepne i uroa tysdag, medan rundt 100 andre er såra. 39 av dei har skotskadar, heiter det. Det er venta at dødstala kjem til å stige.

USA ber regjeringsstyrkane trekke seg tilbake

USAs visepresident Joe Biden har seint tysdag kveld ringt Ukrainas president Viktor Janukovitsj, og bede om at regjeringsstyrkane blir trekte tilbake.

«Visepresident Biden ringde Ukrainas president Viktor Janukovitsj i dag for å uttrykkje stor uro med omsyn til krisa på gatene i Kiev. Han oppmoda president Janukovitsj til å trekkje tilbake regjeringsstyrkane og å utøve maksimal varsemd,» heiter det i ei fråsegn frå Det kvite hus, ifølgje AFP.

Samanstøytar i Kiev.

Ein demonstrant kastar stein mot politiet på Sjølvstendeplassen i Kiev.

Foto: KONSTANTIN CHERNICHKIN / Reuters

Vasskanonar og bensinbomber

Det var roleg nokre timar i ettermiddag, før politiet storma Sjølvstendeplassen ved 19-tida norsk tid.

Alt tyder på at styresmaktene har bestemt seg for å prøve å rydde plassen, som har vore demonstrantane sitt hovudkvarter i fleire månader. Politiet brukar vasskanonar og sjokkgranatar mot demonstrantane, medan demonstrantane svarar med å kaste bensinbomber, stein og fyrverkeri mot politiet.

Fleire tusen politifolk deltek i aksjonen, men dei rundt 20.000 demonstrantane på Sjølvstendeplassen viser ingen teikn til å ville gi opp.

Ukrainsk fjernsyn melder at politistyrkane roleg har gått inn på Sjølvstendeplassen frå den nordlege enden av plassen. Telta til demonstrantane står i brann, heiter det. To pansra køyretøy, som køyrde inn mot Sjølvstendeplassen, vart pepra med bensinbomber.

– Unntakstilstand fra midnatt

Hans Wilhelm Steinfeld rapporterer

Opposisjonsleiaren Vitalij Klitsjko ber i kveld vestlege land om å intervenere for å stanse valden. Han lovar også at demonstrantane vil forsvare Sjølvstendeplassen.

Det er tillyst eit møte mellom dei viktigaste opposisjonsleiarane, Vitalij Klitsjko, Oleh Tjahnibok og Arsenij Jatsenjuk, og president Viktor Janukovitsj klokka 23 lokal tid i kveld (kl. 22 norsk tid). Vitalij Klitsjo kom til presidenten sitt kontor litt før kl. 21.

Frå før var det avtalt eit møte onsdag føremiddag.

LES OGSÅ: Politiet har stormet Uavhengighetsplassen i Kiev

Svoboda-tilhengjarar

Mange av demonstrantane på Sjølvstendeplassen er tilhengjarar av det høgreorienterte nasjonalistpartiet Svoboda, og fleire av dei er truleg væpna.

Direktebileta frå Kiev viser at demonstrantane har sett fyr på bildekk og anna brennbart materiale for å prøve å halde opprørspolitiet unna. Nokre rapportar seier at heile leiren står i brann. Eitt av dei pansra køyretøya til politiet er også sett i brann.

I kveld har demonstrantar på nytt okkupert rådhuset i byen. Dette skjer berre to dagar etter at demonstrantane forlèt rådhuset, etter at det var forhandla fram ein avtale med regjeringa. Situasjonen i kveld blir skildra som svært kaotisk.

I ettermiddag gav styresmaktene demonstrantane ein frist til klokka 17 lokal tid med å avslutte protestane. Innanriksdepartementet gjorde det då klart at dersom dette ikkje skjedde, så ville det bli sett i verk «harde tiltak».

Fjerna kvinner og born

Like før fristen gjekk ut oppmoda opposisjonsleiaren Vitalij Klitsjko alle kvinner og born om å forlate Sjølvstendeplassen, sjølve senteret for demonstrasjonane. Han grunngav dette med at det var ein reell fare for at opprørspolitiet ville prøve å storme opprørsbastionen.

Harde samanstøytar i Kiev.

Det er i kveld nye harde samanstøytar i sentrum av den ukrainske hovudstaden Kiev.

Foto: KONSTANTIN CHERNICHKIN / Reuters

Det er mykje som tyder på at styresmaktene no har sett i verk dei varsla tiltaka. Alt ved 16-tida vart T-banen i byen stengt, årsaka vart oppgitt til å vere fare for terror. Samstundes starta opprørspolitiet å gruppere seg rundt Sjølvstendeplassen, slik at demonstrantane i praksis var omringa.

Styresmaktene i Ukraina kjem til å innføre ein form for unntakstilstand frå midnatt. Dette betyr i praksis at alle vegar inn til Kiev blir stengde, slik at ikkje demonstrantar frå andre stader kjem seg inn i sentrum av byen. Politiet i andre byar har fått ordre om å hindre demonstrantar i å reise til Kiev.

Uro fleire stader

Det har i kveld kome meldingar om at den opposisjonsvenlege fjernsynskanalen Kanal 5 er teken av lufta. Det skal vere to distributørar som har stengt av signala frå kanalen. Men det verkar i alle fall som om kanalen framleis sender på Internett via, Kanal 5

Det er også meldt i dag at politifolk har kasta brannbomber mot demonstrantane sine telt på Sjølvstendeplassen..

Forskar Tor Bukkvoll ved Forsvarets forskingsinstitutt sa tidlegare i at det kunne skje alvorlege ting når fristen gjekk ut klokka 17. Og mykje tyder på at han får rett i dette.

Det er også meldt om uro i minst to andre byar, blant anna i den vestlege byen Lviv. Der har ei gruppe på fleire hundre ungdomar okkupert ein regional administrasjonsbygning og ein lokal politistasjon.

Uro i Kiev tirsdag

Mange er såra i uroa i Kiev i dag.

Foto: STRINGER / Reuters

LES OGSÅ: Demonstranter forlater rådhuset i Kiev

LES OGSÅ: – 234 demonstranter løslatt i Ukraina

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt