NRK Meny
Normal

Demonstrasjonar i India mot gjengvaldtekter

16 år gammal skal ho ha blitt gjengvaldteken to gonger. I India protesterer folk mot at politiet greip inn for seint. Nyttårsafta døydde jenta.

Reporter: Tove Bjørgaas
Redigering: Helene Krag Sendege

Sjå reportasjen frå Kveldsnytt, 2. januar 2014

Indisk politi har arrestert fleire menn etter at ei 16 år gammal jente blei gjengvaldteken to gonger og deretter brent til døde, i følge NPK. Tenåringsjenta blei første gongen angripen og valdteken av ei gruppe menn i Kolkata 26. oktober.

Dagen etter oppsøkte ho politiet for å melda valdtekta. På veg heim frå politistasjonen blei ho overfallen og gjengvaldteken på nytt. Veslejulaftan leita to menn opp jenta og sette fyr på henne. Ho fekk store skadar og døydde på sjukehus nyttårsaftan.

Dersom styresmaktene hadde gripe inn tidlegare og arrestert forbrytarane, så ville jenta vore i live i dag.

All India Democratic Women's Association

– Rett før ho døydde, sa ho i nærvere av helsepersonale at to personar med nær tilknyting til dei som no er arrestert, sette fyr på henne. Dette skjedde då ho var åleine heime 23. desember, sa politisjef Rajiv Kumar i byen Madhyagram 25 kilometer nord for Kolkata.

– Dei sikta ville drepa dottera mi for å skjula brotsverka dei hadde gjort, seier far til jenta.

Demonstrasjonar

Først onsdag 1. januar, over to månader etter at den første valdtekta skjedde, blei fleire menn arresterte og sikta for valdtektene og drapet.

Både onsdag og torsdag demonstrerte fleire hundre menneskerettsaktivistar i Kolkata og New Delhi i protest mot at politiet venta så lenge med å arrestera det som blir rekna for å vera gjerningsmennene.

– Vi er overbevist om at dersom styresmaktene hadde gripe inn tidlegare og arrestert forbrytarane, så ville dei grufulle hendingane som skjedde seinare, vore unngått og jenta vore i live i dag, skriv gruppa All India Democratic Women's Association, som står bak demonstrasjonane, i eit brev til delstatsministeren i Vest Bengal.

Politiet sa først at jenta hadde teke sitt eige liv, då ho vart lagt inn på sjukehus med store brannskader. Men i dag slo dei fast at ho blei drepen.

Tryggleikssjefen i delstaten seier torsdag at alle mennene som er mistenkte for valdtektene og drapet no er arresterte og sikta, og han lovar at dei vil bli stilte for retten.

Mange angrep mot kvinner

Overgrepa føyer seg inn i ei rekkje angrep med seksuelle overtonar mot indiske kvinner det siste året.

I desember 2012 blei ei 23 år gammal kvinne gjengvaldteken på ein buss i hovudstaden New Delhi. Ho døydde av skadane ho fekk. I august i fjor blei ein kvinneleg fotograf valdteken av fleire menn medan ho var på jobb i storbyen Mumbai.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt