Hopp til innhold

Prins Harry og Meghan Markle er forlova

Prins Harry skal gifte seg med den amerikanske skodespelaren Meghan Markle. Skilde partnarar har ein tendens til å kludre det til for kongeleg kjærleik, men det kan virke som om det britiske kongehuset har kome på nye tankar.

«Den høgvørde prins Henry av Wales og Ms. Meghan Markle har forlova seg og skal gifte seg», heiter det i ei melding frå Kensington Palace.

Amerikanske Meghan Markle, er mest kjend frå serien «Suits».

Bryllaupet vil stå våren 2018, kunngjorde kontoret til prins Charles.

Det nyforlova paret viste seg offentleg måndag ettermiddag for ein kort fotoseanse og prins Harry sa at han var veldig begeistra over forlovinga

På spørsmål frå ein journalist om han fridde på ein romantisk måte, svarte prins Harry raskt:

– Sjølvsagt.

Skilsmisse eit betent tema i kongehuset

I britisk tabloidpresse har det lenge rast spekulasjonar om Harry ville få lov til å gifte seg med ei skild kvinne.

Markle var gift i to år med filmprodusenten Trevor Engelson.

På sitt sedvanleg sensasjonelle vis har den kulørte presse drege fram dei mest spektakulære historiene, der kongelege har fått valet mellom kjærleiken til ein skild, eller den kongelege tittelen.

Som Edvard den sjuande, som abdiserte som britisk konge, for å gifte seg med den amerikanske Wallis Simpson, som hadde vore gift to gangar før.

Ei historie som det konservative magasinet The Spectator har børsta støv av i dag.

Laster Twitter-innhold

Prins Charles opna for skilde i kongehuset

I 1955 så måtte prinsesse Margaret seie farvel til kaptein Peter Townsend, fordi han var gift frå før, og ho risikerte å miste både titlar og posisjon i kongehuset, dersom dei gifta seg.

Den neste store skilsmissesaka dukka opp med prins Charles. Charles gifta seg med 19 år gamle Diana, men ville vel eigentleg ha ein gammal flamme, Camilla Parker Bowles.

Etter at Diana døydde, levde Charles og Camilla saman utan å vere gift, men kongehuset gav tilslutt etter, og dei gifta seg i 2005 i ein sivil seremoni.

Og med forlovinga i dag, kan sjå ut som at kongehuset har modernisert synet sitt noko på skilsmisser og skilde.

Forlova seg tidleg i november

Forholdet mellom dei to vart stadfesta i november 2016.

Markle er født i California, men er busett i Toronto i Canada. Rykta om at det snart vart forloving, har gått sidan 36-åringen kom til London for halvanna veke sidan. Ho vart også observert då ho var ute og handla i London i førre veke.

Ho skal også ha tatt med seg sine to hundar, ifølgje The Sun. Prins Harry (33) er den yngste av dei to sønene til prins Charles og den no avdøde prinsesse Diana.

Han er nummer fem i arverekkefølgja til den britiske trona.

SISTE NYTT

Siste nytt