Hopp til innhold

Prinsesse Dianas personlege brev på auksjon: «Harry er alltid i trøbbel!»

Prinsesse Diana skreiv om syskenkjærleik og ugagn i brev til butlaren. No er breva selde på auksjon til godt over utgangspris.

Sjå kva prinsesse Diana skreiv til butleren på Buckingham Palace på 80- og 90-talet.

Britain Diana Letters

Butleren Cyril Dickman stod prinsesse Diana nær. I går vart seks av breva ho skreiv til han selt på auksjon.

Foto: AP

– Gutane har det bra og likar seg godt på skulen, men Harry er alltid i trøbbel, skreiv prinsessa til butlaren Cyril Dickman i 1992.

I går blei dette brevet og fem andre selde for 160.000 kroner.

Trufast medarbeidar

Breva som gjekk under hammaren på auksjonshuset Cheffins i London, blir omtala som «private brev mellom ein trufast butler og kongefamilien».

Fem dagar etter at ho fødde sonen Harry i 1984 skildrar prinsesse Diana den umiddelbare syskenkjærleiken mellom den nyfødde og storebroren William.

«– William forgudar veslebroren sin. Han overauser Harry med ein endelaus straum av klemmar og kyss, og slepp nesten ikkje oss foreldre til! »

Britain Diana Letters

Då prins Harry var berre fem dagar gammal, skreiv mor hans, prinsesse Diana brev til butleren Cyril Dickman. Der skildra ho prins William sin reaksjon på å få ein veslebror.

Foto: AP

Ugagn på skulen

I eit anna brev, datert 17. oktober 1992 fortel prinsessa at sønene trivest på kostskule, men at prins Harry ofte hamnar i konfliktar.

– Breva viser prinsesse Diana som mor på ein måte vi alle kan kjenne oss att i, særleg når ho skriv om sonen som gjer ugagn på skulen, seier Luke MacDonald, direktør ved auksjonshuset Cheffins.

– Breva gir innsikt i det nære personlege forholdet mellom butlaren og kongefamilien, spesielt prinsesse Diana, seier han.

Kongeleg favoritt

Cyril Dickman arbeidde som butler på Buckingham Palace i meir enn 50 år fram til han gjekk av med pensjon i 1992. Han skal ha vore favoritten til dei kongelege.

Breva som gjekk under hammaren i går var ein del av ei samling på 40 gjenstandar, blant anna julekort, eit kakestykke frå bryllaupet til dronning Elizabeth II i 1947 og eit brev frå dronninga.

Eigedelane etter butlaren gjekk for 55.000 pund, 581.000 kroner under auksjonen i går.

Cyril Dickman døydde i 2012, 85 år gammal.

Prinsesse Diana døydde i ei bilulukke i Paris i 1997.

«Harry er alltid i trøbbel!»

SISTE NYTT

Siste nytt