Hopp til innhold

Politiet oppjusterer til åtte døde i Danmark

Talet på døde er oppjustert etter togulukka på Storebæltsbrua i Danmark i går. Dansk politi opplyser at åtte personar no er stadfesta omkomne.

Talet på døde etter togulukka på Storebæltsbrua i Danmark er oppjustert til åtte.

Gjennom natta har danske redningsarbeidarar jobba i togvraket, og det er funne ytterlegare to døde, i tillegg til dei seks som vart stadfesta døde i går.

– Våre etterforskarar har arbeida iherdig gjennom natta. Me kan no seie sikkert at det ikkje er fleire døde i toget, sa politiinspektør ved politiet i Fyn, Arne Gram, på ein kort pressekonferanse i dag tidleg.

Togvrak i Danmark

Toget har i natt blitt gjennomsøkt og arbeidarane har funne to personer til, noko som fører dødstalet opp til åtte.

Foto: Marit Kolberg / NRK

Han seier politiet jobbar så raskt dei kan med å identifisere dei omkomne, og at dei har blitt nøydde til å bruke DNA og tenner for å identifisere dei omkomne.

Fire er identifiserte, medan fire framleis treng identifiserast. Alle dei omkomne var passasjerar i togets første vogn.

Politiet seier dei har skaffa seg oversikt over alle som var på toget, og dei jobbar også med å informere og ta hand om dei pårørande.

– Me har som mål at dei pårørande skal få vite kva som har skjedd med deira næraste så raskt som mogleg, seier Gram.

Gjev bøter til bilistar som fotograferer

Det er fem kvinner og tre menn som er døde. I tillegg er 16 personar skadde, og fleire ligg no på sjukehus.

Togulykke på Storebæltsbroen

Det var mykje vind på Storebæltsbrua i går då ei vogn frå eit godstog trefte eit passerande lyntog.

Foto: Michael Bager/ritzau Scanpix / NTB scanpix

Ulukka inntrefte i morgontimane i går då eit lyntog vart treft av delar av eit godstog som frakta tilhengarar frå vogntog som var plasserte oppå toget. Tilhengaren som trefte passasjertoget var tom.

Politiet har stengt brua, og redningsarbeidet har vore ekstra krevjande på grunn av mykje vind ved ulukkesstaden. Ulukka har fått mykje merksemd, og politiet har delt ut bøter til 40 bilistar som har teke bilete av ulukka. Dei oppmodar alle om å vise meir respekt.

Laster Twitter-innhold
Seks personer omkommet i togulykke

Ulukka er ei av dei mest alvorlege ulukkene i Danmarks historie. Åtte døde i ulukka, og dansk politi seier dei no er sikre på at det ikkje er fleire menneske at i toget.

Foto: Tim K. Jensen/ritzau Scanpix / NTB scanpix

Opnar brua igjen i dag

Det er planlagd at brua skal opnast att i ettermiddag, seks timar etter det som først vart meldt. Politiet seier dei har samla inn ein god del ting og bagasje som tilhøyrer passasjerane på toget. Dette skal dei no forsøke å returnere til eigarane.

Fram til i dag var ulukka på Storebæltsbrua den verste togulukka i Danmark sidan 1988, men når dødstalet i dag vart oppjustert til åtte har ulukkene i går og i 1988 teke like mange liv.

Den aller verste togulukka i Danmark skjedde tilbake i 1919 då 40 personar mista livet, medan 11 personar mista livet i ei ulukke i 1967. Det viser ei oversikt frå Dansk Radio.

SISTE NYTT

Siste nytt