Hopp til innhold

Piska til blods for bagatellar

Denne videoen, som er smugla ut av grenseområdet mellom Pakistan og Afghanistan, viser groteske avstraffingsmetodar for det dei fleste reknar som bagatellar.

Video nsps_upload_2010_2_5_15_14_30_1282.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Vi åtvarar om sterke scener i denne videoen.

LES OGSÅ: To bombeattentat i Pakistan

LES OGSÅ: Flere drept i eksplosjon i Pakistan

LES OGSÅ: Taliban vurderer fredssamtaler

Videoen er teken opp med mobiltelefon, og vart overlevert til ein journalist frå nyheitsbyrået AP 4. februar. Opptaket er gjort i Mamozai-området i den Taliban-dodminerte Irakzai-regionen på den pakistanske sida i grenseområdet mot Afghanistan.

Talte mot islamistane

Ein mann som blir identifisert som mulla Toofan, ein lokal Taliban-kommandant, går først laus på ein middelaldrande mann med pisken. Brotsverket hans er å ha talt mot dei militante islamistane sine aktivitetar i området.

Seinare går han laus på ein yngre mann. Hans brotsverk er at han ikkje har grodd fullskjegg, slik Taliban krev.

Pisken er tydelegvis laga av anten eit slags tau eller skinn. Mannen som har stått opp mot Taliban får hardast medfart. Han har bar overkropp, og det ser ut som om han er innsmurd med mold eller sot.

Mannen fell saman i smerte fleire gonger, men blir reist opp igjen slik at mishandlinga kan halde fram. Til slutt blir han liggjande stille på bakken.

Bad ikkje nok

Ein flokk mannfolk og unge gutar er publikum til avstraffinga. For det meste er dei stille, men av og til kan ein høyre dei rope «allah akbar», «gud er stor».

Ein tredje mann som får smake pisken hadde gjort seg skuldig i å ikkje følgje det strenge bøne-regimet til dei militante islamistane.

Heilt mot slutten av videoen blir det annonsert at ein gammal mann med kvitt skjegg skal fengslast i fem dagar, og at dommarane då skal sjå på saka hans på nytt. Det går ikkje fram av videoen kva brotsverk denne mannen er funnen skuldig i.

LES OGSÅ: Inviterer Taliban til fredssamtaler

LES OGSÅ: - Vi sloss mot skyggene

LES OGSÅ: Seks drept av Taliban i Pakistan

Vanleg straff

Taliban er kjende for å handheve ei streng tolking av islamsk lov i områda dei kontrollerer i Pakistan. Pisking er vanleg straff for mindre alvorlege brotsverk, spionasje eller brot på dei ultrastrenge tolkingane av korleis menneske utøver Islam.

Folk som er skulda for meir alvorlege brotsverk blir ofte drepne direkte.

Den pakistanske hæren har gjennomført ein del operasjonar i Orakzai-regionen dei siste månadene, men det har ikkje vore større militæraksjonar slik det har vore i Sør-Waziristan.

Dei sentrale styresmaktene i Islamabad har liten eller ingen kontroll i stammeområda mot grensa til Afghanistan. Før Taliban kom til makta i løpet av dei siste ti åra, var det stammeråd av eldre som hadde kontrollen her.

SISTE NYTT

Siste nytt