Hopp til innhold

Pelosi vil at kommisjon skal granske om Trump er skikka

I USA foreslår Demokratane at det blir oppretta ein kommisjon som skal evaluere om Donald Trump er i stand til å ta vare på pliktene sine som president.

Nancy Pelosi

Demokratene sin leiar, Nancy Pelosi, sa til reporterar i Kongressen at demokratane skal diskutere om presidenten er skikka til å utføre pliktene sine på eit møte fredag.

Foto: J. Scott Applewhite / AP/NTB

Demokratanes leiar Nancy Pelosi viser til ei rekkje utsegner frå Trump som gjer at ho stiller spørsmål om han er skikka til å vere president.

Pelosi stiller spørsmål ved Trump sin dømekraft og helse. Ho har etterlyst oppdatering på helsa hans og vil vite nøyaktig kor lenge han har vore smitta.

Pelosi kom med utspelet seint torsdag kveld, etter at Trump hadde komme med ei rekkje spesielle utsegner og personangrep på Twitter og i eit timelangt telefonintervju med Fox Business.

Republikanarar har kalla det eit kuppforsøk.

President Trump har lagt ut ei melding på Twitter der kan skriv at det er Nancy Pelosi som burde vore underlagt observasjon.

Laster Twitter-innhold

Kalla Harris «eit monster»

På telefon til Fox, gjekk Trump mellom anna til åtak på visepresidentkandidat Kamal Harris og kalla henne eit monster og ein kommunist. Han påstod at Harris ville «opne grensene slik at drapsmenn, mordarar og valdtektsforbrytarar kan strøyme inn i landet vårt».

Han gjekk òg til åtak på fleire av sine eigne toppfolk, blant dei justisminister William Barr, utanriksminister Mike Pompeo og FBI-direktør Christopher Wray. Kritikken gjekk på at dei ikkje hadde gjort nok for å få tiltalt Trumps politiske rivalar eller for ikkje å innsjå faren ved poststemmer.

Trump har ofte ringt inn til favorittprogrammet sitt på Fox tidlegare, men dette var første gongen sidan han vart utskriven frå Walter Reed-sjukehuset måndag kveld.

– Eg er eit perfekt fysisk eksemplar

På telefonen skrytte Trump av korleis han har handtert koronasmitta.

– Eg er tilbake fordi eg er eit perfekt fysisk eksemplar, og eg er ekstremt ung. Sånn sett er eg heldig, sa 74-åringen, som både er overvektig og har høgt kolesterol.

Trump sa at han kan ha vorte smitta på eit arrangement i Det kvite hus for familiar til soldatar som hadde fått Gold star-medaljar søndagen før han testa positivt.

– Dei ville alle omfamne meg og kysse meg. Og det gjorde dei. Eg ville ærleg talt ikkje be dei om å halde avstand, sa han.

Inne i Det kvite hus var presidenten tilbake i Det ovale kontor onsdag. Rådgjevarane og tilsette rundt han skal ha vore iført fullt verneutstyr med smittefrakkar og visir Han vart mellom anna brifa om orkanen «Delta» sine herjingar og tautrekkinga om nye krisepakker.

Meiner han er frisk

Til Fox sa Trump at han ikkje lenger hadde viruset i kroppen, og at han var ivrig etter å komme tilbake til valkampen.

– Eg trur ikkje lenger eg er smittefarleg, sa han.

På grunn av mogleg smittefare er TV-debatten mellom Trump og utfordrar Joe Biden i Miami 15. oktober utsett. Trump har avvist å møte Biden til videodebatt. I intervjua med Fox sa Trump at årsaka til det var at det ville bli mykje lettare for debattleiaren å stanse han på den måten.

– Dette gidd eg ikkje kaste vekk tid på, sa han.

President Donald Trumps lege, Sean Conley, sa seint torsdag at Trump kan ta opp att dei offentlege aktivitetane sine laurdag, ifølgje nyheitsbyrået AFP. Då er det 10 dagar sidan Trump testa positivt, men det er ikkje lagt fram nye testar.

I natt sa presidenten i eit nytt intervju med Sean Hannity i Fox News at han vurderer å halde eit massemøte i Florida på laurdag. Han seier at han føler seg heilt frisk, og at det kan hende at han vil opptre offentleg før laurdag.

Tek opp grunnlovstillegg

Fredag skal Demokratane diskutere åtferda til presidenten i lys av reglane i det 25. grunnlovstillegget om maktoverføring dersom presidenten er ute av stand til å skjøtte oppgåvene sine.

Grunnlovstillegg opnar for at visepresidenten kan overta dersom presidenten er ute av stand til å utøve den myndigheit og dei oppgåvene som høyrer til embetet.

SISTE NYTT

Siste nytt