Hopp til innhold

Pårørande protesterer etter båtulykka

Nokre av slektningane til dei nær 400 menneska som framleis er sakna etter at eit cruiseskip kantra på Yangtze-elva i Kina måndag har starta ein protest nær ulukkesstaden.

Tilskodarar til redningsoperasjonen

TILSKODARAR: Redningsoperasjonen i Yangtze-elva held fram torsdag.

Foto: Andy Wong / Ap

Rundt 80 familiemedlemmer av dei sakna båtpassasjerane leigde onsdag ein buss som tok dei den åtte timars turen frå Nanjing til Jianli i Hubei-provinsen. Dei tok seg til ulykkesområdet seint på kvelden og prøvde å ta seg gjennom politisperringane.

– Mor mi er her, far min er framleis inne i båten. Det er så mange menneske som har slektningar som framleis er der inne, seier Cao Feng, ein 40 år gammal entreprenør frå Nanjing til nyheitsbyrået Reuters.

Krev meir informasjon

Ei kvinne gret nær ulukkesstaden

SØRGER: Mange er i sorg etter nær 400 båtpassasjerar truleg har omkome.

Foto: Kenzaburo Fukuhara / Ap

Dei pårørande krev meir informasjon, og har i tillegg til ulukkesstaden protestert i Shanghai der turselskapet som organiserer båtturane held til. Spørsmåla dei pårørande stiller er m.a. korleis båten kunne søkke så fort og kvifor det ikkje vart varsla raskare. Årsaka til ulukka er endå ikkje kjend.

Trass i at statsminister Li Keqiang har besøkt ulykkesstaden, kjenner pårørande seg ignorerte av lokale tenestemenn. Kinesiske myndigheiter sin sterke kontroll over media hjelp heller ikkje på, og dei fleste medier har vorte nekta tilgang til området.

– Myndigheitene har ei apatisk haldning mot oss, dei snakkar ikkje til oss. Det er ingenting vi kan gjere. Vi vil berre vere nærare slektningane våre, seier Cao Feng.

Dei pårørande er lova ein organisert omvising i ettermiddag.

Dykkar inn i båtvraket

Redningsarbeidet har vore vanskeleg i dei kraftige regnbyene etter at cruiseskipet kantra måndag, etter det som skal ha vore ein syklon i området. Det grumsete vatnet gir også svært dårleg sikt for dykkarane.

Borar hol i skroget på den kantra "Eastern Star"

OPNAR SKROGET: Onsdag starta redningsarbeidarane å opne opp skroget på 'Eastern Star'.

Foto: Xiao Yijiu / Ap

Redningsarbeidarar kutta torsdag ei opning i skroget så dykkarar kunne dykke inn og leite, men dei har så langt berre trekt lik ut av skroget. Ingen har vorte henta ut levande sidan tysdag. Så langt er 65 bekrefta omkomne, og 14 har sleppt levande frå ulykka, deriblant kapteinen og maskinsjefen. Likevel seier tenestemenn at dei ikkje har gitt ut håpet.

– Skipet sank veldig raskt, så det kan framleis vere luftlommer, seier Li Quxiu frå det Marine ingeniøruniversitetet til det statlege nyheitsbyrået Xinhua.

Ulykka ser ut til å bli den verste båtulykka i Kina på nær 70 år.

SISTE NYTT

Siste nytt