Hopp til innhold

Panetta opnar for kvinner i kamp

USAs forsvarsminister Leon Panetta opphevar forbodet mot at kvinnelege soldatar skal delta i direkte kamphandlingar på bakken.

Amerikanske kvinnelege soldatar.

Kvinnelege soldatar i USA skal ikkje lenger skjermast frå direkte kamp på bakken.

Foto: KARIM SAHIB / Afp

Dette har vore eit stridsspørsmål i mange år i USA, og når Panetta opphevar dette forbodet opnar det for at kvinner kan utplasserast i avdelingar som kjem i kamp på bakken, melder fleire amerikanske fjernsynsstasjonar og nyheitsbyrå i kveld.

Nærkamp på bakken

Leon Panetta

USAs forsvarsminister Leon Panetta vil opne for at kvinner kan delta i direkte kamphandlingar på bakken.

Foto: Jacquelyn Martin / Ap

Leon Panetta vil kunngjere dette torsdag, i det som truleg blir den siste store saka før han i løpet av kort tid går av som forsvarsminister.

– Vi vil ha slutt på ordninga med at kvinner ikkje skal tenestegjere i avdelingar som kan kome i direkte kamp, seier ein tenestemann i Det amerikanske forsvarsdepartementet til CNN.

Lova som regulerer kvinner sine roller i det amerikanske forsvaret vart vedteken i 1994. Då vart kvinner utestengde frå avdelingar der ein måtte rekne med nærkamp på bakken.

Frist til 2016

Kjelda i forsvarsdepartementet seier at Panetta har gitt forsvaret trist til 2016 med å finne eventuelle unntak frå at kvinner skal kunne delta i alle operasjonar. For kvinner som ynskjer å prøve seg i eliteavdelingar som Navy Seals og Hærens Delta-styrke kan det ta endå lenger tid.

Med denne endringa så svarar Panetta på eit ynskje frå Pentagon om å opne rundt 14.400 plassar for kvinner i avdelingar som kan kome i direkte kamp, dei aller fleste i hæren.

Lovendringa kan bety at 230.000 jobbar i Hæren og i Marineinfanteriet kan opnast for kvinner.

1,4 millionar menneske tenestegjer i dag i dei væpna styrkane i USA. Av desse er 14 prosent, rundt 196.000, kvinner.

SISTE NYTT

Siste nytt