Ferja MV «Thomas Aquinas» byrja å gå ned etter kollisjonen, og kapteinen gav ordre om at skipet måtte evakuerast. Etter rundt 30 minutt gjekk ferja ned.
Styresmaktene tidlegare i kveld sa at over 600 var sakna, men mange vart plukka opp av småbåtar, slik at det var vanskeleg å¨få oversikt.
Den siste oppdateringa frå kystvakta seier at 26 menneske er stadfesta omkomne, mens over 690 er berga opp av vatnet.
Dei som vart plukka opp av sjøen vart tekne til sjukehus i Cebu.
Foto: Chester Baldicantos / ApSkjedde nær land
Ulukka skjedde i kveld lokal tid like ved Cebu, den nest største byen i landet, og det skal ha skjedd ikkje langt frå land.
To skip frå kystvakta og fleire mindre båtar deltek i redningsarbeidet, blir det opplyst.
Passasjerferja kolliderte med lasteskipet «Sulpico Express 7», opplyser kommandør Amando Balilo i kystvakta.
Ein av passasjerane som har kome seg til land, fortel til ein lokal radiostasjon at fleire truleg ikkje kom seg ut av skipet. Han har også sett livlause personar i vatnet, fortel han.
Artikkelen fortset under bildet.
Dei skadde vart innlagde på sjukehus i Cebu.
Foto: Chester Baldicantos / Ap– Kom seg ikkje ut
Passasjeren fortel at ferja var i ferd med å leggje til kai då det kolliderte med lasteskipet.
– Det verkar som om ikkje alle greidde å kome seg ut. Eg synest mest synd på borna. Eg såg nokre døde i vatnet, og eg såg andre bli berga, seier han. Passasjeren fortel at han hoppa på sjøen like etter kollisjonen.