Skulane har opna att, folk er på jobb og kvardagen er komen tilbake i Uganda etter presidentvalet den 18. februar. Men under overflata er det spent, for maktkampen i landet er på ingen måte over endå.
Fengsla opposisjonsleiar
Valkommisjonen i Uganda peika ut Yoweri Museveni til valvinnar, men opposisjonen meiner valet var prega av juks, og har protestert i over ei veke.
Valobservatørar meiner valet ikkje kan kallast demokratisk. Observatørane meiner regjeringspartiet NRM har altfor mykje makt i det politiske landskapet, og at landets valkommisjon er for tett knytt til regimet.
- LES OGSÅ:
I tillegg oppstod det ein del problem og forseinkingar ved fleire vallokale, og då som oftast vallokale som ligg i område av landet der det bur mange opposisjonstilhengjarar. Dette har gitt ekstra fart på påstandane om valfusk.
Det er venta at opposisjonspartiet FDC vil levere inn ein offisiell klage på valresultatet innan klagefristen går ut på tysdag, men problemet deira er at opposisjonsleiar Kizza Besigye sit i husarrest fordi regimet meiner han er ein trugsel mot landets tryggleik. Det same gjer altså 200 sentrale opposisjonsmedlem.
– FDC er midt i ei stor krise, seier partiets advokat, Yusuf Nsibambi, som har opplevd at det er vanskeleg å få besøke dei arresterte.
Fekk gå i kyrkja
Besigye har oppmoda tilhengjarane sine til å protestere mot valfusk, og regimet meiner dette kan føre til valdelege opptøyar. Men sjølv om Besigye har understreka at protestane må skje på ein fredfull måte, så har han blitt verande i husarrest i fleire dagar.
- LES OGSÅ:
I dag fekk opposisjonsleiaren sleppe ut nokre timar for å gå i kyrkja, men deretter var det rett tilbake til husarrest. No byrjar kritikken mot det ugandiske regimet å bli omfattande.
Prøver å mane til ro
I det diplomatiske miljøet i hovudstaden Kampala er det fleire som er utolmodige, og som meiner det er uakseptabelt at opposisjonsleiaren sitt fanga utan at det er klare bevis på at han har gjort noko ulovleg og det har vore ei rettssak.
Det er heller ikkje første gong Besigye er arrestert. Berre i løpet av årets valkamp vart han arrestert fleire gonger, skulda for å oppmode til sosial uro.
Mange leiarar i Uganda, både politiske og religiøse, har engasjert seg for å bidra til at det ikkje bryt ut opptøyar i landet, og førebels har det meste gått roleg for seg i gatene. Men i maktas korridorar held kampane fram.