Hopp til innhold

Oppsiktsvekkande funn i Tyrkia – kan ha lokalisert grava til St. Nikolas

I 1000 år har det vore opplese og vedteke at grava til St. Nikolas, sjølvaste Julenissen, er i Bari i Italia. No meiner tyrkiske arkeologar at dei jordiske leivningane hans ligg i byen Demre, tidlegare Myra, i Lilleasia.

St. Nicholas' grav.

Ei kvinne kneler ved ein krypt i ei kyrkje reist til minne om St. Nikolas i Tyrkia.

Foto: Stringer/turkey / Reuters

Og det var nettopp i Myra, eller Demre som byen blir kalla no, at St. Nikolas var biskop på 300-talet etter Kristus. Han vart helgenkåra kort tid etter at han døydde, og han vart gravlagd i byen. Seinare vart det bygd ei kyrkje over grava hans.

Så har det vore rekna som eit faktum at knoklane hans nokre hundreår seinare vart grov opp og frakta til Italia. Han vart gravlagd i den søritalienske byen Bari, og det vart bygd ein stor basilika over grava, Basilica di San Nicola.

Tok med seg leivningane

Dette skal ha skjedd under Korsferdene. Myra var kome under islamsk kontroll, men bysantinske korsfararar greidde å røve med seg det dei var sikre på var leivningane av St. Nikolas frå den raserte kyrkja.

Nikolas er ein av dei aller mest populære helgenane i både den romersk-katolske- og den gresk-ortodokse kyrkja. Det er reist over 2000 kyrkjer til minne om han over heile verda. Han er kjend for å vere fødd rik, men han gav bort alt han eigde til dei fattige.

Slik oppstod truleg tradisjonen med julegåver, som igjen har ført til at St. Nikolas har vorte til sjølvaste Julenissen over heile den kristne verda.

– Historisk funn

Det har den siste tida vore store utgravingar i kyrkja der han vart gravlagd ein eller annan gong mellom 345 og 351. No meiner arkeologane at dei har gjort eit historisk funn. Dei seier dei har kome over eit nærmast uskadd tempel under den opphavlege kyrkja, og at mykje tyder på at St. Nikolas har lege i ei krypt der heile tida.

St. Nikolas-kyrkja i Antalya i Tyrkia.

Det er reist over 2000 kyrkjer til ære for St. Nikolas. Dette er frå minnekyrkja i Antalya i Tyrkia, nær staden der han vart fødd.

Foto: AA/ABACA / Abaca

Dei har ikkje grave seg med til det underjordiske tempelet, men har undersøkt det ved hjelp av avansert radarteknologi. Direktøren for historiske minnesmerke i Antalya-regionen, Cemil Karabayram. seier til avisa Hurriyet Daily News at arbeidet vil ta lang tid, fordi dei det er vanskeleg å kome til krypten utan å gjere skade på den historiske bygningen.

Anonym prest

Han har håp om at liket av St. Nikolas ligg uskadd i krypten, og han trur at funnet vil bety enormt mykje for turismen i Antalya-regionen. Også i dag blir St. Nikolas-kyrkja i Demre blir besøkt av mange turistar.

Arkeologane trur at beinrestane korsfararane tok med seg høyrde til ein anonym prest, som også var gravlagd i kyrkja, og at det er han som er gravlagd under basilikaen i Bari.

SISTE NYTT

Siste nytt