Hopp til innhold

– Det er klart at det er ein stor siger for regimet

Syriske regjeringsstyrkar og deira allierte har drive opprørarane ut av dei nordaustlege delane av Aleppo, ifølgje eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights.

Aleppo kampar

TAR KONTROLL: Regjeringsstyrkane har jaga ut opprørarane frå ti nabolag i Aust-Aleppo, ifølgje eksilgruppa Syrian observatory for Huamn Rights.

Foto: GEORGE OURFALIAN / Afp

Regjeringsstyrkane har i morgontimane tatt tilbake kontrollen over bydelen Sakhour i Aust-Aleppo. Det melder det statlege nyheitsbyrået SANA.

I helga har styrkane rykt stadig nærare og har drive opprørarane ut av fleire bydelar.

No har dei også tatt kontrollen i nabolaga Haydariya og Sheikh Khodr, medan kurdiske styrkar har tatt seg inn i Sheikh Fares-området.

– Styrkane har teke kontroll over 10 nabolag dei siste dagane, og har no kontroll over 30 prosent av byen, seier Rami Abdurrahman, leiar for eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights, til Reuters.

Harde kampar

Dermed er Aust-Aleppo delt i to, ein nordleg og ein sørleg del. Dette har vore ein del av planen til Assad sine styrkar, som vil gjere det vanskelegare for opprørarane som er igjen i byen å halde fram kampane.

– Dette er det største nederlaget for opposisjonen i Aleppo sidan 2012, seier Abdulrahman.

Assad sine styrkar innleia sin offensiv mot dei opprørskontrollerte delane av Aleppo i midten av november. Dei har fått støtte frå tusenvis av sjiamuslimske krigarar frå Libanon, Irak og Iran, samt russiske fly.

Eit vendepunkt?

Dersom regjeringsstyrkane klarar å ta kontroll over heile Aleppo, vil det vere eit vendepunkt i krigen, meiner Syria-eksperten Fabrice Balanche ved Washington institute for Near Eastern Policy.

– Då vil Assad kontrollere dei fem største byane i Syria, påpeikar han, og viser til at regimet også kontrollerer hovudstaden Damaskus, samt byane Homs, Hama og Latakia.

Knut Vikør, professor i Midtausten-historie ved Universitetet i Bergen, trur derimot ikkje at det nødvendigvis blir noko vendepunkt i den fem år lange krigen.

– Det er framleis store område rundt Aleppo og vestover mot Idlib som er under opprøraranes kontroll. Det er vel grunn til å tro at opprørarane vil vere i stand til å kjempe vidare i dei områda i ganske lang tid., seier Vikør til NRK.

Mykje er avhengig av om opprørarane greier å hente inn forsterkingar, eller om andre opprørsgrupper kjem dei til unnsetning, meiner han.

Han er likevel ikkje tvil om at regimet har grunn til å væra fornøgde.

– Det er klart at det er ein stor siger for regimet å ta tilbake det som var Syrias største by, seier Vikør.

Artikkelen held fram under biletet.

Aleppo flukt

PÅ FLUKT: Fleire tusen familiar har det siste døgnet flykta frå kampane, og situasjonen for dei som er igjen er kritisk.

Foto: Uncredited / Ap

Fleire tusen på flukt

Nærmare 10.000 sivile har flykta frå Aust-Aleppo det siste døgnet, ifølgje SOHR.

Nokre har tatt seg fram til Masaken Hanano og andre regjeringskontrollerte område vest i byen, medan andre har flykta til områda i nord som er kontrollert av kurdiske styrkar.

– Det er bitande kaldt, det er lite mat og folk er redde, skriv Mohammad Zein Khandaqani i ei tekstmelding til Ap.

Khandaqani er helsearbeidar og medlem organisasjonen Medical Council i Aleppo. Han fortel at sjølv om mange har valt å dra til områda som no er kontrollert av regjeringsstyrkane, er det også mange som blir verande igjen fordi dei er etterlyst av regimet.

SISTE NYTT

Siste nytt