Hopp til innhold

– Me vil ha fridom

Portforbod stogga ikkje demonstrasjonane mot feiringa av den indiske frigjeringsdagen. Tusenvis av kasjmirarar protesterte i dag i gatene mot indisk styre.

– Me vil ha fridom, ropa ein sivilkledd politimann. Deretter kasta han skoa sine mot den indiske provinsministeren for Jammu og Kashmir, Omar Abdullah.

Provinsminister for Kashmir, Omar Abdullah.

Ein sko vert kasta i protest mot provinsministeren for Kashmir, Omar Abdullah.

Foto: Ap

Same dagen som India feira at det er 63 år sidan dei frigjorde seg frå Storbritannia, forsøkte indiske styresmakter å kneble separatistane som krevjer sjølvråderett for provinsen Kashmir.

Piggtråd og portforbod

Sikkerheita var kraftig skjerpa i heile landet i forkant av og under feiringa av den 15. august, som er India sin frigjeringsdag.

I høve feiringa blei det nok ein gong innført portforbod i provinsen Kashmir. Politiet tok i bruk metall-barrikadar og piggtråd for å halde kasjmirarane vekke frå gatene, men lukkast likevel ikkje.

I Kashmir, som er ein fjellregion ved foten av Himalaya, har separatist-opprør ført til at minst 57 personar har vorte drepne i løpet av dei to siste månadane.

Meir enn 47.000 menneske har vorte drepne sidan muslimske separatistar starta opprøret i 1989. I det siste har også dei venstreekstreme maoistane i India trappa opp sine åtak på landsbygda.

Sjå video frå frigjeringsdagen ved å trykkje på spelaren under:

Video PROTEST-KASHMIR

Tusenvis protesterte

Tusenvis haldt i dag anti-India protestar i provinsens hovudstad, Srinagar. Byen har vore sentrum for ei rekkje demonstrasjonar sidan 11. juni i år, då ein 17 år gammal student døydde som følgje av ein tåregassgranat.

Det var under ein seremoni i Srinagar at provinsministeren var nær ved å bli råka av ein sko som blei kasta i protest.

Statsministeren bad om fred

Samstundes heldt Indias statsminister, Manmohan Singh sin nasjonaldagstale i New Delhi.

Singh oppfordra separatistane i Kashmir til å avstå frå valdelege opptrinn, og bad maoistiske opprørsgrupper om å leggje ned våpna og delta i samtalar.

Talen ble framført bak skotsikkert glas på muren til Det raude fortet i Delhi. Ei stor folkemengd hadde møtt opp for å markera India sin uavhengigheitsdag. Nærare 80.000 politibetentar og soldatar var utplasserte for å passa på sikkerheita til presidenten.

SISTE NYTT

Siste nytt