Truleg er det ein million menneske som er smitta av hiv eller har utvikla aids i Kina i dag. Studentane skal både informere om korleis ein skal verne seg mot hiv og aids, og i tillegg drive ein haldningskampanje for å betre levevilkåra og respekten for dei som er ramma av sjukdomen.
Skodespelaren Pu Cunxin omfamnar ein aids-sjuk for å vise at slik kontakt ikkje er farleg. (Foto: Guang Niu, Reuters)
Folkets store hall
Under eit gigantisk arrangement i samband med aidsdagen i Folkets store hall i Beijing i dag omfamna den populære skodespelaren Pu Cunxin aidssjuke for å demonstrere at sjukdomen ikkje blir overført ved vanleg kontakt. Kina har lenge vorte kritisert for ikkje å ville ta aidsepidemien på alvor, og det er stor mangel på kunnskap om sjukdomen blant innbyggjarane.
FN markerer den internasjonale aidsdagen ved å setje søkjelyst på stigmatisering og diskriminering av dei adsdsjuke. Aids er kanskje det største helseproblemet i verda i dag, og FN reknar med at 42 millionar menneske er smitta. Sjukdomen spreier seg med dramatisk fart, og berre hittil i år har fem millionar menneske blit smitta.
Berre i Uganda er to millionar born foreldrelause på grunn av aids. I India reknar ein med at det er fire millionar hiv-smitta.
Byrde
Generalsekretær i FN, Kofi Annan, sa i ein tale i høve aidsdagen at den verdsomspennande aids-epidimien har lagt ei frykteleg byrde på millionar av enkeltmenneske.
Kinesiske studentar skal setjast inn i ein gigantisk informasjonskampanje om hiv og aids. (Foto: Guang Niu, Reuters)
- For å lindre situasjonen trengst det betre helseteneste, sterkare førebyggande tiltak, meir effektive sosiale tiltak og støtte til dei mest sårbare, særleg dei foreldrelause, sa Kofi Annan i ein appell.
Atle Fretheim, norsk president i Legar utan grenser, ser fleire lyspunkt i kampen mot aids, både i Sør-Afrika, Etiopia og Zimbabwe. Likevel er det eit faktum at sjukdomen spreier seg til stadig nye land, og det er verst i fattige land.