Hopp til innhold

Ny kontroversiell lov skapar rettslause borgarar i USA

No kan amerikanarar bli sett i fengsel av militæret på ubestemt tid, utan høve til rettssak. – Utruleg trist, meiner norsk advokat.

USAs president Barack Obama.

Barack Obama signerte den kontroversielle lova fredag 30. desember.

Foto: KEVIN LAMARQUE / Reuters

Overgangen til 2012 resulterer i nye inngripingar i amerikanarane sine menneskerettar. President Barack Obama signerte nyleg den kontroversielle lova, «The National Defense Authorization Act», som gjer at amerikanske styresmakter no får myndigheit til å fengsle amerikanarar i militære anstaltar på ubestemt tid. Utan å måtte gå via rettssalen.

Lova vart vedteken i Kongressen i midten av desember med rundt to tredjedels fleirtal. Obama hadde høve til å leggje ned veto mot lova, men trass i reservasjonar signerte han lova på laurdag.

Får kraftig kritikk

Lova har fått hard kritikk for fleire menneskerettsgrupper. Den republikanske presidentkandidaten Ron Paul kallar lova «eit steg på vegen mot tyranni», ifølgje ABC News. To pensjonerte generalar i det amerikanske forsvaret skreiv ein kronikk i New York Times der dei skildra lova som svært unødvendig.

– Dagens lov gjer at militæret har makt til å arrestere folk i krigssoner, men denne nye provisjonen gjer at krigssonen inkluderer heile USA. Dette er som å gi Osama bin Laden ein ufortent siger lenge etter at han vart drepen, skriv generalane.

Obama har forsvart seg med at lova er ein del av ein større pakke som handla om forsvarsbudsjettet. Men ifølgje anonyme kjelder i Obama-administrasjonen som ABC News har prata med, var det ikkje problemfritt for Obama å signere den omstridde lova.

– Presidenten har ein sterk overtyding om at å arrestere amerikanarar utan rettssak er eit brot med amerikanske tradisjonar og verdiar, og at alle lovar skal vere i samsvar med den amerikanske Grunnlova.

Ein anna kjelde forklarar at Obama ikkje trur at lova vil vere i konflikt med denne overtydinga, og at militæret bør ha rett til å arrestere folk mellombels for å kunne kjempe mot terrorisme.

Obama vil roe ned kritikarane

Obama-administrasjonen forsøkte å avdramatisere lova ved å leggje ved eit skriv der dei garanterte at lova ikkje vil bli misbrukt.

– Eg ønskjer å få fram at administrasjonen min aldri vil beordre fengsling av amerikanske borgarar utan å gi dei ein rettssak. Me skal bruke lova på ein måte som ikkje bryt med Grunnlova, skreiv Obama i notatet.

Men kritikarane meiner dette er ein dårleg forklaring, for framtidige presidentar kan bruke denne lova akkurat slik dei ønskjer.

– Dette gjer at Obama for alltid vil vere huska som den presidenten som vedtok ei lov som gjer at amerikanarar kan bli fengsla utan rettssak, seier menneskerettsadvokaten Anthony Romero til Huffington Post.

– Ville aldri passert i Europa

Jon Wessel-Aas

Jon Wessel-Aas seier at lova gjer at styresmaktene definerer ein ny type menneske utan rettar.

Foto: Nina Didriksen

Advokat og personvernforkjempar Jon Wessel-Aas, seier til NRK.no at han er overraska over at Obama signerte lova.

– Det er klart at dette er oppsiktsvekkjande i eit vestleg land. Denne lovgivinga ville aldri passert i menneskerettsdomstolen i Europa. Det er ganske sikkert.

Wessel-Aas fortel at Tony Blair forsøkte å innføre ei liknande lov i Storbritannia rett etter terroråtaket 11. september. Men denne lova blei raskt slått ned av britiske domstolar, der dei klart konstaterte at dette var i strid med rettslege verdiar.

– Kvifor trur du Obama signerte lova?

– Me kan konstatere at Obama har brote svært mykje av det han lova og det han gjekk på val på. Grovt sett har han ikkje gjort noko i høve til anti-terror-lovgivinga, tvert i mot har han bygd vidare på det Bush gjorde. Det kan hende han ikkje tør å ta kampen.

For Wessel-Aas sin del er det spesielt skuffande at eit stort vestleg demokrati vedtek ei slik lov, når han sjølv engasjerer seg for menneskerettar i mindre utvikla land.

– Eg synest det er utruleg trist. Me har lenge kritisert folk som held på slik i andre land. Men det blir ikkje noko særleg lettare når verdas største demokrati held på slik dei gjer. Ingen hadde trudd at dette ville skje for ti år sidan.

John Peder Egenæs

John Peder Egenæs i Amnesty trur Obama signere lova for å framstå som tøff i utanrikspolitikken.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX
– Pervertering av folkeretten

Også i Amnesty International kjem det sterke reaksjonar på den nye lova.

– Dette er ein pervertering av folkeretten. For det første så er det openberre brot på rettsstatsprinsippet, og for det andre meiner me at det er gale å gi militæret fullmakt i situasjonar som ikkje krev det, seier generalsekretær i Amnesty Norge, John Peder Egenæs til NRK.no.

Egenæs meiner dette eit skritt mot å formalisere terrorlovgivinga Bush starta med, som ein den gongen antok skulle skje på eit mellombels basis.

Drap amerikansk statsborgarar i haust

Anwar al-Awlaki

Anwar al-Awlaki og sonen på 16 år vart likvidert etter ordre frå Obama i haust.

Foto: AP

President Obama var også i hardt vêr tidlegare i 2011, då han godkjente avrettinga av den amerikanskfødde Al Qaida-leiaren Anwar al Awlaki i Jemen.

Al-Awlaki vart drepen i eit droneåtak i Jemen 30. september. Under likvideringa skal også al-Awlaki sin 16 år gamle son, som hadde amerikansk statsborgarskap, ha blitt drepen.

Dette var første gong at ein amerikansk president står direkte ansvarleg for likvidering av ein amerikansk statsborgar.

– Obama har i større grad enn Bush likvidert folk med droneåtak. Han har sagt at han tolkar dette som å ligge innanfor hans myndigheit som president. Det gjer jo alt mykje enklare for deg når du kan bure folk inne utan å føre bevis, og i verste fall avrette utan dom, seier Jon Wessel-Aas.

SISTE NYTT

Siste nytt