Hopp til innhold

Obama-kandidat over første hinder

Justiskomiteen i det amerikanske senatet godkjende i dag Obama-kandidaten Elena Kagan som ny dommar i høgsterett.

Elena Kagan er foreslått til dommar i USAs høgsterett.

Elena Kagan er godkjend av justiskomiteen i det amerikanske senatet.

Foto: KAREN BLEIER / Afp

Dermed går saka vidare til senatet i plenum, der den endelege godkjenninga skal gjerast.

Kagan vil truleg få si godkjenning, trass i motstand frå ein del republikanarar.

I USA er det presidenten som nominerer sine kandidatar til ledige plassar i høgsterett, og utnemningane er ofte gjenstand for politisk krangel mellom Det demokratiske partiet og Det republikanske partiet.

LES OGSÅ: Obama møter dommerkandidater

LES OGSÅ: Obama kan velge en kvinne

I avrøystinga i justiskomiteen i dag vart resultatet 13-6 i Kagans favør. Den einaste republikanaren som støtta Kagan var Lidsey Graham. Han rosa kandidaten for hennar innsats i krigen mot terror.

- Ho fårstår at vi er i krig, sa han blant anna.

Elena Kagan er tidlegare dekan ved detprestisjetunge juridiske fakultetet ved Harvard-universitetet.

Ei utnemning som høgsterettsdommar varar heilt til pensjonsalderen. Kagan vil erstatte den pensjonerte dommaren john Paul Stevens, som har vore den leiande liberale røysta i høgsterett.

SISTE NYTT

Siste nytt