Obama blei varsla om trugslar

USA sin president Barack Obama blei informert om ein mogleg terror-trugsel torsdag.

Barack Obama

Den amerikanske presidenten Barack Obama gav ordre om sikkerheitstiltak då han natt til fredag blei kjend med dei potensielle terror-trugslane mot USA.

Foto: Rick Bowmer / AP

President Barack Obama blei informert om den moglege terrortrugselen torsdag kveld. Han fekk då beskjed om at det var snakk om mistenkelege pakkar frå Jemen om bord på to fraktfly, eitt i Storbritannia og eitt i Dubai, opplyser talsmann for Det kvite hus, Robert Gibbs.

– Ved hjelp av tett samarbeid mellom amerikanske styresmakter og våre allierte, har me identifisert og undersøkt to mistenkjelege pakkar – ein i London og ein i Dubai, seier Gibbs.

Gav ordre

Presidenten skal umiddelbart ha beordra amerikansk etteretningsteneste og Homeland Security til å setja i verk tiltak for å sikra tryggleiken til amerikanske borgarar, og for å vurdera om desse trugslane er del av ein terror-plan.

Ifølgje talsmannen skal Obama ha fått regelmessige oppdateringar frå sikkerheitspolitiet.

Presidenten kom med ei kunngjering klokka 22.10 norsk tid.

Bombejakt etter pakke-funn

Funn av ein mistenkeleg pakke i eit fraktfly på veg frå Jemen til Chicago, utløyste fredag bombejakt både i Storbritannia, USA og Dubai.

Fredag kveld opplyste Det kvite hus at det er funne mistenkelege pakkar i Storbritannia og Dubai, men førebels ikkje i USA.

Begge pakkane skal ha vore adresserte til jødiske samfunn i Chicago. Den eine vart funnen i eit fraktfly som mellomlanda på flyplassen East Midland i Midt-England. Den andre blei oppdaga i Dubai, i eit lokale som tilhøyrer fraktselskapet FedEx.

Dei blei undersøkte, men det blei ikkje funne eksplosivar, opplyste FBI fredag kveld.

«Det er ikkje kome trugslar som tyder på at personar eller stader i Chicago er truga», skriv talsmann for FBI i Chicago, Ross Rice, i ein e-post til nyheitsbyrået AFP. Jødiske trussamfunn skal likevel ha blitt bedne om å vera på vakt.

Fryktar ny terror-metode

Ifølgje USA-korrespondent Jon Gelius spekulerer amerikansk etterretning no i om terrornettverket Al Qaida er i ferd med å utvikla nye angrepsmetodar.

– Etterretningskjelder seier dei er ekstremt nervøse for at bruken av fraktefly skal verta ein ny måte å utføra terroraksjonar mot USA på.

Dei mistenkelege pakkane som i dag blei oppdaga, kan dermed ha vore blindtestar, for å sjå korvidt det er mogeleg å transportera bomber inn i USA ved hjelp av fraktefly.

Pulver og leidningar
Newark flyplass i New Jersey, USA

Eit fly vart fredag kveld gjennomsøkt på Newark flyplass i New Jersey, US.

Foto: DON EMMERT / Afp

Pakken som vart funnen i Storbritannia skal ha inneheldt blekkpatroner som på eit vis var manipulerte. Ei kjelde seier til CNN at det vart funne eit kvitt pulver, eit kretskort og leidningar i pakken.

Den andre pakken, som blei oppdaga i lokala til fraktselskapet FedEx i Dubai, skal ha vore av same type.

Fleire fly på amerikanske flyplassar vart undersøkte for mistenkjeleg gods. Newark internasjonale lufthamn i New Jersey blei klarert like før klokka 20 norsk tid.

Jemen vil etterforska

Også i Jemen har styresmaktene oppretta etterforsking av terror-trugslane som av britisk og amerikansk politi har vorte spora tilbake til republikken på den Arabiske halvøy.

– Det er ei sjølvfølge at me granskar det som har skjedd og dei påstandane som har kome i løpet av dagen, seier ein talsmann til nyheitsbyrået Reuters.

Ifølgje den britiske innanriksministeren Theresa May går det for øyeblikket ikkje direktefly mellom Storbritannia og Jemen.

– Me vurderer fortløpande kva grep me må ta i samband med frakt som kan sporast tilbake til Jemen, seier ho.

SISTE NYTT

Siste nytt