Hopp til innhold

Obama: Eksplosiv i to flypakkar

Det var eksplosivt innhald i dei mistenkelege pakkane som vart funne i Storbritannia og Jemen fredag. Det stadfesta USAs president Barack Obama i ein direktesendt tale fredag kveld.

Video Obama: Pakkene inneholdt eksplosiver

Obama: Pakkane inneheldt eksplosiv.

Først vart det funne ein mystisk pakke om bord i eit transportfly frå det amerikanske selskapet UPS på flyplassen East Midlands utanfor Nottingham i Storbritannia. Pakken vart send frå Jemen og skulle til Chicago i USA.

Seinare på dagen vart det funne ein mystisk pakke i Dubai, som også var send frå Jemen og skulle til Chicago

I kveld stadfesta president Obama at begge desse pakkane inneheldt sprengstoff.

– Terrortrugselen som blei avdekt fredag er truverdig, sa Obama.

I dialog med Jemen

Under sin tale frå Det Kvite hus i Washington D.C sa Obama at dei mistenkjelege pakkane som vart funne ombord på eit fly i Storbritannia og hjå eit fraktselskap i Dubai, var adressert til USA frå Jemen.

Bilde av pakken ombord på frakteflyet i England.

Bilete av printer-tonaren som var ombord på frakteflyet som ble stoppa i England.

Foto: - / Afp

Dei skulle nærmare bestemt sendast til jødiske religiøse institusjonar i Chicago.

Amerikanske styresmakter blei kjend med terrortrugselen for mindre enn 24 timar sidan. Dei er no i dialog med Jemens president Ali Abdullah Saleh for å finna fram til avsendaren.

– Me tek trugselen svært alvorleg og kjem til å gjera alt i vår makt for å finna opphavet til desse pakkane, sa Obama.

Al Qaida hovudmistenkt

UPS varsla seint i kveld at dei stansar alle sine utgåande flygingar frå Jemen etter det som har skjedd.

Kretskort funne i mistenkjeleg pakke

Dette kretskortet, festa til ei blekkpatron, vart funne i pakken på flyet i England.

Foto: - / Afp

– Me vil vidare jobba for eit styrka og stabilt Jemen for å unngå at terroristgrupper får operera fritt der. Denne hendinga viser kor viktig det er å halda eit auga med kva som skjer, la Obama til i sin tale.

Det er terrornettverket Al Qaida si grein på den Arabiske halvøy som vert utpeikt som hovudmistenkt bak dagens trugslar.

– Dette er per i dag den mest operative greina av Al Qaida, seier presidenten sin assistent John Brennen.

– Skulle gjera skade

Politiet fraktar bort mystisk pakke i pansra bil.

Politet fraktar bort den mystiske pakken i ein pansra bil på East Midlands-flyplassen i Storbritannia.

Foto: DARREN STAPLES / Reuters

Han stadfestar at bombene var laga for å gjera skade på amerikansk jord. men vil ikkje seia noko om kor stor skade eksplosiva kunne ha gjort.

– Det er framleis veldig tidleg i etterforskinga, og eg vil ikkje spekulera for mykje i detaljane kring desse eksplosiva og korleis dei skulle detonerast, seier Brennen på ein pressekonferanse.

Amerikanske etterretningskjelder har tidlegare spekulert i om dei mistenkjelege pakkane kan ha vorte sendt frå terroristar for å testa ut sikkerheita.

Men etter at det blei klart at det var eksplosiv i pakkane, går amerikanske styresmakter vekk frå denne teorien.

– Dei som står bak ville truleg avdekkja svakheiter i systemet vårt og utnytta slike sikkerheitshol. Men ei rein testsending ville truleg ikkje hatt eit slikt innhald, seier talsmann Brennen.

Amerikanske styersmakter varslar no strengare kontroll med all flyfrakt, blant anna ved gjennomlysing av pakkar.

Obama til Chicago på laurdag

Tidlegare i dag vart fleire transportfly frå UPS undersøkte i Newark, Pennsylvania og Philadelphia. Også ein lastebil frå UPS vart undersøkt i New York. Det vart ikkje funne noko mistenkjeleg her.

Tysdag skal det haldast mellomval i USA, og som eit ledd i valkampanjen skal president Obama etter planen både til Chicago og til Philadelphia i løpet av dei neste 24 timane.

SISTE NYTT

Siste nytt