Hopp til innhold

Nytt piratåtak mot danske «Maersk Alabama»

Det danskeigde konteinerskipet «Maersk Alabama» sleppte tysdag såvidt unna eit nytt piratåtak - det tredje mot skipet på under to år.

Danskeiede Maersk Alabama i den kenyanske havnebyen Mombasa etter et kapringsforsøk

Mannskapet på Maersk Alabama greidde tysdag å skremma vekk piratar som forsøkte å angripa skipet. Her ligg skipet i den kenyanske hamnebyen Mombasa etter eit dramatisk kapringsforsøk i 2009.

Foto: ROBERTO SCHMIDT / AFP

Det opplyser ein amerikansk tenestemann til ABC News.

Dette er minst tredje gongen at piratar forsøker å kapra skipet, som tilhøyrer A.P. Møller-Mærsk.

Skaut direkte mot piratane

Fire piratar i ein hurtigbåt sette tysdag kursen mot skipet. Då hurtigbåten var ei halv nautisk mil unna, gav kapteinen ordre om å skyta varselskot.

Det skremde ikkje piratane, og kapteinen ga difor ordre om å skyta direkte mot dei. Dette fekk piratane til å snu, fortel den amerikanske tenestemannen.

NATO si antipiratgruppe stadfestar opplysningane frå ABC News. Åtaket fann stad i farvatnet mellom Kenya og Madagaskar.

Tok kapteinen som gissel

Kaptein på Maersk Alabama, Richard Phillips

Richard Phillips vart teken som gissel av somaliske piratar då kan var kaptein om bord på Maersk Alabama i 2009.

Foto: Ho / REUTERS

Maersk Alabama har hatt våpen om bord etter ei dramatisk kapring i april 2009.

Den gong blei skipet borda av somaliske piratar og kapteinen Richard Phillips teken til fange.

Tre av dei fire piratane vart skotne og drepne av amerikanske marinesoldatar som skulle redda ut kapteinen.

I februar i år vart den fjerde piraten dømd til 33 år og ni månader i fengsel av ein domstol i New York. Han erklærte seg skuldig i bortføring, kapring og gisseltakingfor å ha delteke i kapringa

Også i september 2010 gjekk småbåt-piratar væpna med maskingevær til åtak på skipet utanfor den somaliske kysten.

SISTE NYTT

Siste nytt