Hopp til innhold

Mot ny gullalder for somaliske piratar

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Somaliske piratar tek i bruk kapra skip til å operera i stadig større havområde. Dette er ein kjempeskummel trend, meiner piratekspert Stig Jarle Hansen.

Færre piratåtak i Adenbukta tyder ikkje at somaliske piratar har gått over til eit liv som landkrabbar.

Internasjonalt press og nærvær har gjort piratane meir innovative og sofistikerte. No har dei fleire sjøbein å stå på enn nokonsinne.

– Utviklinga dei siste seks månadene er spesielt urovekkjande, meiner piratforskar og førsteamanuensis i internasjonale relasjonar ved Universitetet for miljø- og biovitskap i Ås, Stig Jarle Hansen.

– På alle kantar

Stig Jarle Hansen er piratekspert

Førsteamanuensis Stig Jarle Hansen forskar på piratverksemd utanfor Somalia.

Foto: NRK

Dei erfarne piratane har nemleg erstatta småbåtane og fisketrålarane sine med skip dei har kapra. Desse vert nytta til moderskip i jakta på nye byte - i stadig fjernare farvatn.

– Med store skip rekkjer dei over langt større havområde. Somaliske piratar har allereie ekspandert kraftig. Om utviklinga held fram er det berre eit spørsmål om tid før dei er tilstades på alle kantar, som blant anna utanfor Sør-Afrika, seier Hansen som er ein av få forskarar i verda som har gjennomført feltstudium blant piratar.

Sjå ICC sine live-rapporteringar om kapringsforsøk

– Livsfarleg for yachtar

Ved bruk av moderskip og som følgje av internasjonalt nærvær i og ved Adenbukta, har somalisk pirateri i løpet av det siste halvanna året spreidd seg både sørover, austover og nordover.

Langs kysten av India, Oman, Iran, Madagaskar og Mosambik vert det rapportert om stadig hyppigare kapringar, eller forsøk på kapring. Ei alarmerande utvikling, slo også FN fast i ein analyse av somalisk piratverksemd i 2009.

Hansen meiner at ekspansjonen vil gjera problemet med somalisk piratverksemd langt mindre handterbart. I tillegg vil sjørøveriet råka andre, meir sårbare fartøy enn dei store handelsflåtane.

– Privatpersonar som som siglar i Det indiske hav blir eit lett byte. Området rundt Seychellene er allereie ei slagmark og livsfarleg for yachtar. Sjølv dei lokale tunfisktrålarane kvir seg for å kasta loss der no, seier Hansen.

Pirater

Piratar på veg tilbake til moderskipet sitt.

Piratar i paradis

Andre paradisiske øystatar som Maldivane, Mauritius og Reunion står no i fare for å li same skjebne.

Nyleg blei ein dansk familie på jordomsegling teken til fange av piratar på veg frå Maldivane mot Raudehavet.

Men bruken av kapra skip som moderskip vil også gjera piratane meir sårbare, meiner Hansen.

– Fram til no har det vore vanleg å gøyma seg blant lokale fiskarar. Når dei forflyttar seg ved hjelp av store skip, vil dei også verta registrerte på radaren, seier Hansen.

Forfalskar NATO-signatur

Metodane for å lokka til seg skip, har også vorte meir spissfindige dei siste åra. Ifølgje det svenske Totalförsvarets forskningsinstitut (FOI) rapporterer kapteinar om bord på handelsskip om falske naudsignal som openbart vert nytta som agn.

I tillegg er det oppdaga forsøk på å forfalska «signaturen» til NATO-fartøy, truleg for å lura fartøy til å tru at visse område er trygge.

Piratane er også velinformerte om ruta til bytet sitt, og det vert spekulert i om det finst aktørar som livnærer seg ved å selja informasjon om skipstrafikken i Adenbukta og Det arabiske hav.

LES OGSÅ: Somaliske pirater skrur opp prisen

Somaliske pirater

Somaliske piratar invaderer stadig nye havområder.

Foto: MOHAMED DAHIR / Afp

Frå ad hoc til mafia

Pirateri som forretningside vaks fram i Somalia på byrjinga av 1990-talet. I mangelen på ein velfungerande kystvakt, tok små lokale grupper lova i eigne hender og kravde inn skatt frå danske og spanske fisketrålarar som fiska ulovleg i Adenbukta.

Men framgangsmåtane var i starten lite gjennomtenkte og aksjonane ad hoc-prega, fortel pirateksperten Hansen.

Først i 2003 begynte pirateriet verkeleg å ta form som organisert mafiaverksemd. I spissen for den første gullalderen stod den tidlegare våpensmuglaren Mohamed Hassan Abdi «Afweyne» aka «Big Mouth», og hans «The Central Somalia Piracy Network».

Afweyne flytta verksemda sørover til hamnebyen Haradheere, oppretta kartell og starta effektiv rekruttering og opplæring av provisjonslønna piratar. Det viste seg å vera eit lukrativt foretak.

Ein pirat held vakt i ein somalisk hamneby

Ein pirat held vakt i ein somalisk hamneby på nordaustkysten.

Foto: MOHAMED DAHIR / Afp

Ny gullalder

Frå 2008 opplevde det somaliske piratnettverket ein ny gullalder, då talet på kapringar utanfor Somalia eksploderte.

Den internasjonale skipsfartsorganisasjonen (IMO) slo full alarm, og fleire land gjekk saman om å oppretta eit patruljeområde med internasjonale marinefartøy i Adenbukta, i forsøk på å tvinga piratane i kne.

Frå desember 2008 fram til mars 2009 blei talet på kapringar redusert frå 27 prosent til åtte prosent, som følgje av patruljeringa og styrka tryggingstiltak om bord på skip.

Piratekspert Hansen meiner likevel at det er ein feilslått strategi å kjempa mot piratane på sjøen.

– Nøkkelen på land

– Å jaga vekk piratane ved hjelp av internasjonale sjøpatruljar flyttar på problemet, men får ikkje bukt med det. Ekspansjonen som har oppstått no i seinare tid er eit bevis på nettopp det.

Han viser til mangelen på lokale institusjonar og den lovlause situasjonen som framleis rår i store delar av Somalia som hovudforklaringa på at piratane no ser ut til å gå nok ei storheitstid i møte.

– Nøkkelen til problemet ligg på land, seier Hansen.

SISTE NYTT

Siste nytt