Hopp til innhold

Ny søppelkrise i Napoli

Den søritalienske storbyen Napoli er på nytt ramma av søppelkrise. I natt tende demonstrantar fyr på to søppelbilar utanfor ei søppelfylling.

Ein søppelbil i brann i Terzigno utanfor Napoli

Ein søppelbil i brann i Terzigno utanfor Napoli natt til fredag.

Foto: ROBERTO SALOMONE / Afp

Striden denne gongen går på bruken av ei ny søppelfylling i byenTerzigno, som ligg rett under det mektige vulkanfjellet Vesuv. Innbygjarane i Terzigno vil ikkje ha søppelet frå Napoli på den nye fyllinga.

LES OGSÅ: Berlusconi seier søppelkrisa er over

LES OGSÅ: Søppelkrisen i Italia vokser

Vil stengje søppelfylling

Ein brennande søppelbil lyser opp nattehimmelen.

Brennande søppelbilar har lyst opp nattehimmelen tre netter på rad.

Foto: ROBERTO SALOMONE / Afp

I fleire dagar har innbyggjarane i Trezigno, leidde av ordføraren i byen, prøvd å stanse søppeltransporten. Dei har sett fyr på fleire søppelbilar, og søppel har blitt tømt rett ut i gata.

Politiet har bruk tåregass og batongar for å halde demonstrantane unna, og det har gått hardt føre seg. Ein høgtståande politioffisér fekk ein stein i ansiktet slik at han måtte sy ting stig, melder det italienske nyheitsbyrået ANSA.

Uroa i natt var tredje natta på rad med kraftige samanstøytar mellom politi og demonstrantar i Terzigno.

Samstundes hopar søppelet seg opp i gatene i Napoli, slik det skjedde seinast for eit par år sidan. Fleire stader ligg søppelet opp til vindauga i første etasje på bygningane.

Søppelet hopar seg opp igjen i gatene i Napoli.

Igjen er gatene i den søritalienske storbyen Napoli fylde med søppel.

Foto: ROBERTO SALOMONE / Afp

Mafia-innblanding

Sjefen for sivilforsvaret, Guido Bertolaso, som var sterkt medverkande til å løyse den forrige søppelkrisa i Napoli, seier at han ikkje forstår kvifor søppelet igjen hopar seg opp i gatene i Napoli.

Blokkeringa av søppelfyllinga i Terzigno er ikkje heile årsaka, meiner han.

- Det er noko mystisk her, seier Berolaso, og meir enn ymtar om at den illgjetne napolitanske mafiaen, La Camorra, er innblanda

Teperaturen er igjen høg i Napoli-området.

Tre netter på rad har det vore opptøyar i Terzigno utanfor Napoli.

Foto: ROBERTO SALOMONE / Afp

LES OGSÅ: Drukner i søppelberg

SISTE NYTT

Siste nytt