NRK Meny
Normal

Berlusconi seier søppelkrisa er over

Italias statsminister Silvio Berlusconi seier at den akutte søppelkrisa i Napoli no er over.

Søppelkrisa i Napoli er over, seier statsminister Silvio Berlusconi.

Søppelkrisa i Napoli er over, seier statsminister Silvio Berlusconi.

Foto: GIULIO PISCITELLI / AFP

- Søppelkrisa i Napoli er over

Berlusconi sa dette på eit regjeringsmøte i nettopp i Napoli i går. Det å få slutt på søppelkrisa i den søritalienske storbyen var ei av dei store valkampsakene hans før parlamentsvalet i april.

I går var det ein tydeleg stolt Berlusconi som kunne fortelje italienarane at regjeringa hans har klart å løyse den akutte delen av krisa på kortare tid enn han hadde lova før valet.

Silvio Berlusconi seier søppelkrisa i Napoli er over.

Italias statsminister Silvio Berlusconi seier den akutte søppelkrisa i Napoli er over.

Foto: MARIO LAPORTA / AFP

Fire forbrenningsanlegg

Men den omstridde statsministeren gjorde det også klart at det vil ta tre år å løyse dei store søppelproblema i Napoli. Det skal skje ved at det blir bygd fire store forbrenningsanlegg som skal gjere søppelet om til elektrisk kraft.

Det første av dei fire anlegga vil vere klart til bruk mot slutten av 2008 eller i januar 2009, kunne Berlusconi fortelje.

Søppelproblema i Napoli har vore enorme. Søppelet har blitt liggjande i gatene. Stanken har vore ututhaldeleg, og det har til tider vore så fullt av søppel i gatene at trafikken har blitt stansa.

Nattestid har det blitt sett fyr på søppelet i gatene, noko som igjen har ført til utvikling av farlege gassar. Ingen har greidd å rydde opp i problema, som i stor grad blir skulda på lokale mafiagrupper og udugelege politikarar.

La Camorra

Det er ei kjend sak i Italia at La Camorra, den napolitanske mafiaen, har kontrollert store delar av renovasjonsbransjen i byen. Dei har tent store pengar på å ta mot ulovleg avfall, ofte giftig, frå andre delar av Italia, og dermed har det blitt fullt på dei eksisterande søppelfyllingane.

Det var ingen stader å gjere av hushaldningssøppelet som innbyggjarane i storbyen har produsert, og som dermed har blitt liggjande i gatene.

Dersom det viser seg at den akutte søppelkrisa i Napoli verkeleg er over, vil det vere ein stor politisk siger for Silvio Berlusconi.

Ein AFP-fotograf som har køyrt gjennom byen seier at det ikkje lenger ligg søppel i gatene i sentrum av Napoli, men at det ikkje er rydda opp i utkanten av byen.

Politiaksjon

I går gjekk politiet til aksjon mot åtte ulovlege søppelfyllingar i Napoli-området, og 17 mistenkte medlemer av mafiagrupper vart arresterte. Politiet opplyser at det vart funne giftig avfall frå sjukehus og industribedrifter i andre delar av Italia på fyllingane.

Politiet opplyser også at dei åtte fyllingane var drivne av Casalesi-klanen, som blir rekna å vere den mektigaste klanen i La Camorra.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt