Hopp til innhold

"Sprø plan" blir verkelegheit

Tyrkia vil byggja ein ny kanal som skal letta skipsfarten mellom Svartehavet og Middelhavet. Prosjektet vert omtalt som eitt av århundrets største.

Video Tyrkia vil byggja ny kanal

Kanal-prosjektet har vorte kalla for den tyrkiske statsministerens 'sprøe plan', og skal stå ferdig innan 2023. Sjå den animerte versjonen her.

– Me brettar opp erma for «Kanal Istanbul», eitt av dei mest storslegne prosjekta dette århundret. Kanalen vil gå både Panama-kanalen og Suez-kanalen ein høg gang, sa den tyrkiske statsministeren då han presenterte dei omfattande byggjeplananane onsdag denne veka.

Eitt av føremåla med den nye sjøfartsforbindinga er å redusera trafikken i eitt av dei travlaste skipsleia i verda, Bosporus-stredet.

«Erdogans sprøe plan»

Kanal Istanbul vil gå parallelt med Bosporus-stredet, og skal strekkja seg frå Svartehavet til Marmarahavet på den europeiske sida av Istanbul. Planlegginga av prosjektet vil ta to år, og kanalen skal vera 25 meter djup og 45-50 kilometer lang.

160 skip skal kunne passera i den nye kanalen dagleg.

Planen var lenge hemmeleg, og blei referert til som «Erdogans sprøe plan», skriv nyheitsbyrået AFP.

Kunngjeringa av kanal-planen kjem i forkant av parlamentsvalet den 12.juni, som partiet til den sitjande statsministeren håpar å vinna for tredje gong på rad.

– Den nye kanalen vil dela Istanbul i to halvøyer og ei øy, sa Erdogan utan å avsløra fleire detaljar om plasseringa.

Statsminister Recep Tayyip Erdogan

Statsminister Recep Tayyip Erdogan seier den nye kanalen vil bli heilt unik.

Foto: OSMAN ORSAL / Reuters

Fryktar miljøkatastrofe

Ifølgje AFP er Bosporus-stredet den fjerde travlaste vassvegen i verda. Stredet er ei svært viktig handelsrute fordi det per i dag er den einaste staden der skip kan passera frå Middelhavet til Svartehavet.

Ifølgje tyrkiske styresmakter vert det transportert 140 millionar tonn olje og totalt 350 millionar tonn last gjennom det smale Bosprous-stredet kvart år, noko som også fører til bekymringar for miljøet.

Tyrkia har for lengst slege alarm om den overhengande faren for ein miljøkatastrofe. Bakgrunnen for frykten er auken i maritim trafikk kombinert med det det aukande talet på store oljetankarar som passerer dagleg.

Då oljetankarar kolliderte på veg gjennom Bosporus-stredet i 1979 og i 1994, mista høvevis 41 og 28 menneske livet. Langs kystlina ligg historiske plassar, eksklusive villaer og restaurantar som perler på ei snor.

Oljetanker i Bosporus-stredet

Det tungt traffikerte Bosporus-stredet skil den europeiske delen av Tyrkia frå den asiatiske delen, og koplar Marmarahavet med Svartehavet.

Foto: MURAD SEZER / AP

Frir til investorane

Statsminister Erdogan gav ingen anslag for kostnader relatert til den nye kanalen, men forvissa tilhøyrarane om at «finansiering ikkje vil bli eit problem».

Planane inkluderer også bygginga av ein ny flyplass og to bustadområder, noko Tyrkia håpar vil lokka investorar.

Ifølgje den tyrkiske kringkastingskanalen skal den sensasjonelle Istanbul Kanalen stå ferdig innan 2023, då Tyrkia feirar hundreårsjubileet for grunnlegginga av republikken.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt