Hopp til innhold

Ny religiøs kvinnediskriminering i Afghanistan

Kvinner får ikkje lengre lov til å forlate heimen sin utan å vere i følgje med eit mannleg familiemedlem, og kosmetikkbutikkar blir stengde fordi «sminke fremjar prostitusjon».

Afghan President Karzai

PRESIDENTRÅD: ein av president Karzai sine religiøse rådgjevarar har innført Taliban-liknande kvinnediskriminering nord i Afghanistan.

Foto: OMAR SOBHANI / Reuters

Ein av dei religiøse rådgjevarane til president Hamid Karzai nektar å omgjere eit Taliban-liknande direktiv for kvinner som er innført nord i landet.

Det religiøse pålegget er gitt i Deh Salah-regionen i Baghlan-provinsen. Islamske geistlige står bak dekretet, som seier at kvinner ikkje får forlate heimen sin utan å vere i følgje med eit mannleg familiemedlem.

«Kosmetikk fremjar prostitusjon»

En burkakledd kvinne i Maimana i Faryab-provinsen i Afghanistan

Ei kvinne som vandrar åleine i Afghanske gater er no eit lovbrot nord i landet.

Foto: Marius Arnesen / NRK

Dei geistlige hevdar at kosmetikk fremjar prostitusjon, og dekretet forbyr derfor sal av kosmetikk og stenger kosmetikkbutikkar.

Det er ei skulding både innbyggjarar og det lokale politiet nektar for.

Men den religiøse rådgjevaren til president Karzai, Enayatullah Baligh, avviser bestemt å oppheve dei nye reglane, som er identiske med reglar som Taliban innførte under deira religiøse diktatur.

Påstår butikkane fremjar utroskap

– Desse forretningane kan ikkke på nokon som helst måte få lov til å halde fram, seier han til nyheitsbyrået Reuters.

– Butikkar skal drive forretning, ikke utroskap, seier han.

Innbyggarar i Deh Salah omtalar dei nye reglane som eit fatwa, sjølv om det berre er religiøse leiarar i Kabul som har makta til å innføre slike reglar.

Deh Salah var ein bastion mot Taliban før det religiøse diktaturet fall etter USA sin invasjon hausten 2001. Under Taliban-styret frå 1996-2001 måtte kvinner gå med heildekkande burka frå topp til tå. Nokre kvinner som hadde brukt neglelakk, fekk fingrane kutta av.

Tenåring drap ordføraren i protest

Dei religiøse forboda kjem kort tid etter at USA lanserte eit program til ein pris av 200 millionar dollar, om lag 1.2 milliardar kroner, forå styrke kvinnene si rolle i Afghanistan. Men det er også motstand mot det nye forbodet.

Ein tenåring som eig ein butikk i området, skaut og drap ordføraren i byen som kom for å stenge butikken.

Dei religiøse leiarane forbyr også at kvinner går utan mannleg følgje til helsestasjonar, med uspesifisert straff om dei ikkje lyder.

Når NATO trekk seg ut av landet neste år, er det stor frykt for at kvinnene sine fridomar som kom etter Talibans fall i 2001, skal bli fjerna av konservative grupper som står klare til å overta makta i Kabul.

SISTE NYTT

Siste nytt