Hopp til innhold

Ny krise truar i Tyrkia

Utanriksminister Abdullah Gül frå regjeringspartiet AKP stiller som presidentkandidat igjen, og det kan få hæren til å reagere.

Abdullah Gül er ny tyrkisk president

Abdullah Gül vil blli ny president i Tyrkia.

Foto: UMIT BEKTAS / REUTERS

Sist regjeringspartiet AKP, som har klare islamistiske røter, prøvde å nominere Abdullah Gül som ny president, kom det klare åtvaringar frå hæren.

Eitt av dei viktigaste opposisjonspartia boikotta møtet i nasjonalforsamlinga då AKP lanserte Gül som kandidat i mai, og dette utløyste nyvalet som vart halde i juli. 

AKP styrkte seg yttarlegare ved  valet, og sjansen for å få Gül valt til president er no endå større enn før nyvalet.

Nasjonalforsamlinga

I Tyrkia er det parlamentet som vel presidenten, men det blir kravd to tredels fleirtal ved dei to første avrøystingane. AKP har 341 av 550 plassar i den nye nasjonalforsamlinga, og er avhengig av støtte frå i alt 367  representantar for å få det nødvendige fleirtalet for Gül.

Tyrkias statsminister Recep Tayyip Erdogan

Statsminister Recep Tayiip Erdogan framfor eit blete av landsfaderen Mustafa Kemal Atatürk.

Foto: UMIT BEKTAS / REUTERS

I tredje og fjerde avrøysting er det nok med eit simpelt fleirtal på 276. Det store spørsmålet er om nokon av opposisjonspartia vil boikotte valet av ny president, slik som i mai.

MHP, som har 70 plassar i nasjonalforsamlinga, har sagt at dei ikkje vil boikotte avrøystinga, men har gjort det klart at dei ikkje støttar Gül sitt kandidatur.

Abdullah Gül møtte i dag framståande opposisjonspolitikarar for å samle støtte, men mange sekulære politikarar er skeptiske til utanriksministeren. Han er iallefall tidlegare erklært islamist, og kona hans går med skaut offentleg.

Sekulær grunnlov

Etter den tyrkiske grunnlova, som har eit skarpt skilje mellom stat og religion, er det forbode for kvinner å bere skaut i offentlege institusjonar og offentlege samanhengar.

Den tyrkiske hærleiinga har gjort det klart at dei ser på seg sjølve som forsvararar av den tyrkiske sekulære staten, og at dei vil gripe inn dersom dei meiner at arven frå Tyrkias grunnleggjar Mustafa Kemal Atatürk er trua.

Både sekulære politikarar og hærleiinga fryktar at AKP med Abdullah Gül som president kan bruke makta si til å endre grunnlova i religiøs retning.

Moderat parti

Regjeringspartiet AKP har gått frå å vere eit islamistisk parti til å framstå som eit moderat islamsk parti nærmast etter mønster frå dei kristelegdemokratiske partia i Vest-Europa.

Statsminister og partileiar Recep Tayyip Erdogan sa etter valet i juli at det viktigaste for partiet er å arbeide for vidare økonomisk vekst, og å bli medlem i EU.

 

 

SISTE NYTT

Siste nytt