Hopp til innhold

Ny klimaavtale: Ei side er klar

WARSZAWA (NRK.no): Etter ei veke med klimaforhandlingar i Warszawa, har forhandlarane klar ei A4-side med tekst.

Aslak Brun

Ny klimaavtale: Ei side er klar, fortel den norske forhandlingsleiaren, Aslak Brun.

Foto: Eivind Molde / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Endeleg har vi noko konkret, seier den norske forhandlingsleiaren, Aslak Brun. No skal ministrane dra det heile i land. Det kan bli utfordrande.

FNs klimaforhandlingar er inne i si andre veke. I morgon startar den såkalla høgnivådelen, der statsrådane tek over for forhandlarane. Aslak Brun er glad for at han har noko handfast å levere frå seg til klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft (H).

Aslak Brun og andre

Forhandlingsleiar Aslak Brun (i midten til venstre) møter norske journalistar i Warszawa.

Foto: Eivind Molde / NRK

Tine Sundtoft

Klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft (H) er på plass i Warszawa. No startar innspurten i klimaforhandlingane.

Foto: Eivind Molde / NRK
– No har vi diskutert dette i fleire år, og det har vore mange innlegg og mange seminar. Men i dag fekk vi klar ei side med tekst – som er dei første elementa til noko som kan inngå i ein ny, internasjonal klimaavtale. Så no har vi endeleg fått noko konkret på bordet, seier Brun.

Det internasjonale samfunnet har som mål at ein ny, internasjonal klimaavtale skal vere klar i 2015. Den skal gjelde frå 2020, og ta over etter Kyoto-avtalen.

– Raske utsleppskutt

I Warszawa skal grunnlaget for denne avtalen leggjast. Ein skal bli samde om kva avtalen skal omfatte, tidsplan osv.

Kva er det konkret som no er sett ned på papiret?

– Det går på at land skal forplikte seg til å kutte i utsleppa, det går på finansiering av klimatiltak og det handlar om tilpassing til klimaendringar, seier Brun.

Kva er viktig i denne teksten sett frå norsk side?

– Det aller viktigaste er nok at ein både fokuserer på raske utsleppskutt – her og no, før vi har ny avtale klar – og på å lage ein prosess for å få ny avtale på plass i 2015.

Men har set heilt klart at det blir utfordringar i dagane som kjem.

– No blir det utruleg spennande å sjå utover i veka om dette papiret blir akseptert som eit grunnlag, eller om nokon set foten ned og seier at dette er noko dei ikkje vil diskutere ut ifrå, seier Brun.

Korleis vurdere du utsiktene til at det som no litt på bordet vil få tilslutning?

Ola Skaalvik Elvevold

Klimarådgjevar Ola Skaalvik Elvevold.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Det er vanskeleg å seie. Mange har sagt at dei ikkje ønskjer ein prosess på denne måten, men det er også mange som har gått ut med klar støtte, og sagt at det er akkurat denne prosessen vi treng no. Fleire er optimistiske.

– Mykje står igjen

Klimarådgjevar Ola Skaalvik Elvevold i Naturvernforbundet har følgt forhandlingane tett den første veka.

– Det har vore altfor liten framgang, det går rett og slett for sakte, seier Elvevold. – Det gjeld både prosessen fram mot ein ny klimaavtale, det å auke ambisjonane om utsleppskutt på kort sikt, og det å bla opp det som trengst for å finansiere klimatiltak i fattige land.

– Men dei har klar eit dokument?

Det er bra at nokre element er klare, men mykje står igjen. Det er heilt uklart om vi får ein god prosess fram til ein avtale i 2015, og det er heilt uklart om dette blir ein god avtale i tråd med det som det er behov for, seier Elvevold.

SISTE NYTT

Siste nytt