Hopp til innhold

NRK i Dresden: – Mykje hat og aggressivitet

DRESDEN (NRK): Eitt år etter den første demonstrasjonen i Dresden, samla tusenvis av islamkritiske Pegida-medlemmer seg på nytt i dag for å protestere mot Merkel og hennar flyktningpolitikk.

Rapport fra Pegida-demonstrasjon i Dresden

MOTDEMONSTRANTAR: Politiet stiller seg mellom Pegida-demonstrantar og motdemonstrantar i Dresden

Stemninga er aggressiv i Dresdens overfylte gater måndag kveld, og NRK var vitne til to slåstkampar på veg til Teaterplassen der Pegida-medlemmer og motdemonstrantar under parolen «Med hjarte i staden for hat» har samla seg.

Politiet står som ein jarnring mellom demonstrantar og motdemonstrantar, og mellom Pegida og journalistane, etter at to journalistar vart slått ned under ein tidlegare demonstrasjon. Pegida-medlemmene er svært kritiske til pressa som dei kallar «løgnpresse».

Motdemonstrantar i Pegida-demonstrasjonen

FLYKTNINGAR VELKOMNE: 'Flyktningar er velkomne her' og 'Nazistane må ut' ropar motdemonstrantane i Dresdens gater måndag kveld.

Foto: Guri Norstrøm / NRK

Volker og Melanie Forker frå Dresden er to av dei som har møtt opp for å demonstrere mot Pegida. Dei synest at det er fryktelig at byen deira vert assosiert med den innvandringsfiendtlige gruppa.

– Dei siste vekene har Pegida blitt sterkare, men vi vil vise at vi er fleire som er imot, seier Forker til NRK.

Stigande misnøye med den tyske flyktningpolitikken

Pegida, som står for Patriotiske europearar mot islamisering av Vesten, vart til for eit år sidan og starta med demonstrasjonar kvar måndag, først i Dresden, seinare i fleire andre tyske byar. Etter kvart spreia rørsla seg til andre europeiske land, også i Noreg.

Pegida-demonstrasjon i Dresden

MERKEL FÅR GJENNOMGÅ: Plakatane seier sitt om kva Pegida-medlemmene meinar om forbundskanslar Angela Merkel.

Foto: ROBERT MICHAEL / Afp

Oppmøtet på demonstrasjonane i Dresden toppa seg i januar med 25.000 deltakarar. Etter ein periode med lågare aktivitet har rørsla no fått vind i segla i takt med den stigande misnøya ovanfor Merkel sin flyktningpolitikk, spesielt aust i landet. Leiaren for gruppa, Tatjana Festerling, har sagt at Merkel er uansvarleg og at ho er den farlegaste kvinna i Tyskland. Dei meiner at ho har forvandla Tyskland til «ein gigantisk leir i jungelen».

Den politiske leiinga åtvarar mot rørsla

Og demonstrasjonane vert stadig meir aggressive. Førre måndag hadde demonstrantane laga galger med skilt som skulle vise at galgen var reservert til Merkel og visekanslar

Pegida-demonstrasjon i Dresden

STERKE VERKEMIDDEL: Nokre av demonstrantane sist måndag bar på ei galge med skilt som sa at galgen var reservert for Merkel og visekanslar Sigmar Gabriel.

Foto: Markus Schreiber / Ap

Sigmar Gabriel. På laurdag vart borgarmesterkandidat Henriette Reker knivstukke i Köln. Ho har uttrykt støtte til asylsøkarar, og gjerningsmannen hadde ifølge politiet bakgrunn i det høgreekstremistiske miljøet. Etterretningsmiljøet følger no nøye med på dette miljøet.

Innanriksminister Thomas de Maizière åtvara tyskarane mot gruppa som han omtaler som høgreving-ekstremistar i eit intervju med kanalen ARD søndag, og refererte til auken i angrep på asylsøkarar i landet.

– Hat gir grobotn for slike handlingar. Hald dykk unna dei som fyller landet vårt med dette hatet, denne gifta, sa de Maizière.

SISTE NYTT

Siste nytt